Tilsynsrapport Melhus kommune
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Melhus kommune. Ettersynet avdekte 3 avvik på områda koding, navigasjon og kontrast.
1 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 36 første ledd jf. dtl. § 18 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Melhus kommune i tidsrommet 17.10.2017 - 08.12.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden http://www.melhus.kommune.no/.
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Melhus kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.
2 Om ettersynet
2.1 Tema
Tilsynet omfatta følgjande tema
- skjema
- navigasjon
- tastaturnavigasjon
- koding av innhald
- struktur og presentasjon
- tekstalternativ
Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Melhus kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.
2.2 Om testinga
Vi har testa 8 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukt 11 indikatorar.
Verifikasjonane er gjort ved testing av 14 enkeltsider på nettstaden.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Internet Explorer 11
- Firefox for Windows, versjon 5
- Opera, versjon 49
- Colour Contrast Analyser, versjon 2.4.0.23
- Kodevalidatoren til W3C
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.
2.3 Enkeltsider som vart testa
-
Startsida
-
Skjema
-
Søk barnehageplass
-
Gå til skjema
-
Grunnskole - innmelding 1. trinn
-
Tambartun barnehage
-
Møtekalender og sakspapirer
-
Møte i Kommunestyret den 24.10.2017
-
Postlister
-
Kontakt oss
-
Ansatte i Melhus kommune
-
Bygg og eiendom
-
Lundamo svømmehall
-
Ledige stillinger
3 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
3.1 Avvik 1: Koding
Melhus kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 2 | Bokstavoverskrifter (A-V), 20 stk. |
2 | Side 3 | Viktig informasjon til deg som søker om overflytting til en annen barnehage i kommunen |
3 | Side 3 | Til deg som har barn født i november 2016 |
4 | Side 6 | Mobilnummer til avdelingene |
5 | Side 8 | Kommunestyret |
6 | Side 13 | 4 overskrifter (Størrelse, Åpningstider, Mandag, Tirsdag, onsdag og torsdag) |
7 | Botntekst | Melhus kommune, i botntekst |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 6 | Mobilnummer til avdelingene |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 7 | Møtekalender |
2 | Side 13 | Puljevis oppstart for tirsdag, onsdag og torsdag |
3 | Side 9 | Offentlig journal |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 8 | Møtedokument, Saker til behandling |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 12 | Finn ansatt, Bygg og eiendom |
Side | Element som ikkje er nøsta korrekt | Element som ikkje er avslutta korrekt | Element som har same attributt fleire gonger | Element som har IDar som ikkje er unike | Sum | Fatal error |
---|---|---|---|---|---|---|
9 | 0 | 0 | 0 | 48 | 48 | Nei |
10 | 0 | 0 | 0 | 8 | 8 | Nei |
Sum | 0 | 0 | 0 | 56 | 56 |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 5 | Radioknappar i skjema |
2 | Skjemaet Fant du det du lette etter? | Ja og Nei i skjemaet Fant du det du lette etter? |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 7 | Søk i møtekalender |
2 | Side 9 | Navn og Epostadresse i skjema for å søke om innsyn i dokument |
3 | Side 9 | Avdeling, Dato, Søk og radioknappane for dokumenttype i skjemaet Søk i journal |
4 | Side 11,12 | Søkefelt for å søke etter tilsette |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 4 | Søk (etter skjema) |
3.1.1 Kommentar avvik 1
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
- Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter og tabellar.
- Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
- Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
3.2 Avvik 2: Navigasjon
Melhus kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Søkefunksjon |
2 | Side 3,7,8,11,12 | Innhald i meny/brødsmulesti, kort slutten av teksten blir kutta av. |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1, topptekst på andre sider | Knapp for å vise instruksjon om skalering av innhald |
2 | Side 12 | vCard-lenker i kontaktlista |
3 | Side 14 | Trekkspel for å opne meir innhald |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Knappen Vis alle tjenester |
2 | Side 9 | Knappane Nullstill filter og Oppdater i skjemaet Søk i journal |
3 | Side 11 | Knappen Søk |
4 | Skjemaet Fant du det du lette etter? | To tomme tab-steg mellom skjemafeltet E-post og knappen Send |
5 | Skjemaet Fant du det du lette etter? | Knappen Send |
3.2.1 Kommentar avvik 2
Feila som er avdekka rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.
- Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
- Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
- Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.
3.3 Avvik 3: Kontrast
Melhus kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 3 | Søk-knapp |
2 | Side 5 | Blå knapp, Kontroller skjema |
3 | Side 5 | Feilmeldingar i skjema |
4 | Side 9 | Knappane Nullstill filter og Oppdater i skjemaet Søk i journal |
5 | Side 11,12 | Knappen Søk |
6 | Skjemaet Fant du det du lette etter? | Knappen Send |
7 | Topptekst (ikkje side 1) | Ledetekst i søkefelt |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1, Topptekst | Snarveglenker til innhald |
2 | Side 4 | Ledetekst i søkefelt |
3.3.1 Kommentar avvik 3
Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.
- Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.
4 Regelverk
- Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (ikt)-løysingar.
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
5 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Melhus kommune omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 16.10.2017.
- Vi fekk dokumentasjon 06.11.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
- Formøte vart gjennomført 14.11.2017. Felles for kommunane Melhus, Malvik, Røros, Holtålen og Os i Hedmark.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 46.
- Førebels rapport vart sendt 08.12.2017.
- Vi fekk kommentarar på førebels rapport 12.12.2017 og 21.12.2017.
7 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.
Melhus kommune sendte følgjande dokumentasjon:
- Oversendingsbrev
- Kravspesifikasjon
- Kopi av kontrakt med Custom Publish
- Oversikt over mest brukte sider og tenester
- Rapport frå test med Google Lighthouse