Tilsynsrapport Os kommune i Hordaland
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Os kommune i Hordaland. Ettersynet avdekte 2 avvik på områda navigasjon og koding. Det blei gitt 1 merknad på området skjema.
1 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Os kommune i Hordaland i tidsrommet 30.06.2017 – 19.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://oskommune.no/.
Rapporten gjer greie for avvika og merknaden som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Os kommune i Hordaland sitt arbeid med universell utforming av ikt.
2 Om ettersynet
2.1 Tema
Tilsynet omfatta følgjande tema
- skjema
- navigasjon
- tastaturnavigasjon
- koding av innhald
- struktur og presentasjon
- tekstalternativ
Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Os kommune i Hordaland etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.
2.2 Om testinga
Vi har testa 10 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukt 14 indikatorar.
Verifikasjonen er gjort ved testing av 12 enkeltsider på nettstaden.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Internet Explorer 11
- Firefox versjon 55
- Chrome versjon 61
- Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0.
- Kodevalidatoren til W3C.
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.
2.3 Enkeltsider som vart testa
- Startsida
- Skular i Os
- Jobb i Os
- Ledige stillingar
- Informasjon om stillinga Tilkallingsvikarar – barnehage (Søkefrist 31.05.18)
- Søk etter arkivsaker
- Førehandsrøysting
- Innsyn i sak – informasjon
- Innsyn i sak – opplysingar om søkar
- Innsyn i sak – Førespurnad
- Innsyn i sak – Kontroll/Oppsummering
- Svanesaka – (Nyhende)
3 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
3.1 Avvik 1: Navigasjon
Os kommune i Hordaland sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1, Side 2, Side 3, Side 6, Side 7, Side 12 | Knapp for å aktivere høgkontrastmodus.Dette er ein gjennomgåande feil på nettstaden |
2 | Side 10 | Dei tre knappane for navigasjon i skjemaet (Førre, avbryt, neste) |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1,2,3,6,7,12 | Knapp for informasjon om skriftstorleik |
2 | Side 8 | Knappen Gå direkte til skjema i dialogboksen får du kommer inn på skjemaet |
3 | Side 8 | Knappen Logg inn via ID-porten i dialogboksen før du kommer inn på skjemaet |
4 | Side 8 | Knappen ? som gir hjelp i dialogboksen før du kommer inn på skjemaet |
5 | Side 8 | Knappen X for å lukke dialogboksen som kjem når du trykker på LOGG Inn |
6 | Side 8 | Knappen Logg inn via ID-porten i dialogboksen som kjem når du trykker på LOGG Inn |
7 | Side 9 | Gå direkte til skjema/Logg inn via ID-porten |
8 | Side 1,2,3,6,7,12 | Søkeknapp |
9 | Side 2 | Ikke mulig å sortere i tabellen over skular med berre tastaturet |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 5 | Enterprise Rekruttering 2017.1.00 |
2 | Side 3 | Os kommune |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 8 | Innlogging |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 4 | Visma Enterprise |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 5 | Logg inn knapp (Den blå pila) |
2 | Side 5 | Hjemknapp |
3 | Side 5 | Logg inn knapp (Den blå pila) |
4 | Side 5 | Hjemknapp |
3.1.1 Kommentar til avvik 1
Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskeleg å bruke for alle, spesielt for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.
- Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
- Nettsidene skal ha ein beskrivande sidetittel. Sidetittel gjer det gjer det enklare for brukaren å finne relevant innhald.
- Innhald på nettsider skal du kunne bruke med berre tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
- Fokusrekkefølga ved tastaturnavigasjon skal vera logisk, slik at meining og struktur på nettstaden blir ivaretatt.
- Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.
- Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
3.2 Avvik 2: Koding
Os kommune i Hordaland sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 8 | Ja |
Side | Feil nøsting av element | Element som ikke er avslutta korrekt | Element som har same attributt fleire gonger | Sum | Fatal Error | |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | 1 | 0 | 0 | 1 | Nei | |
6 | 0 | 1 | 0 | 1 | Nei | |
7 | 0 | 0 | 0 | 0 | Ja | |
8 | 0 | 0 | 1 | 1 | Nei | |
9 | 0 | 0 | 1 | 1 | Nei | |
10 | 1 | 0 | 0 | 1 | Nei | |
11 | 1 | 0 | 0 | 1 | Nei | |
Sum | 3 | 1 | 2 | 6 |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 5 | Tekstfelt for å søke etter kategori i nedtrekkslista Lokasjon |
2 | Side 9 | Etternamn |
3 | Side 5 | Tekstfelt for å søke etter kategori i nedtrekkslista Kategori |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 9 | Mobiltelefon |
2 | Side 5 | Søkefelt for ledige stillinger |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 5 | Søkeknapp for stillinger |
3.2.1 Kommentar til avvik 2
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
- Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er tabellar og skjemaelement.
- Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
- Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Rett identifikasjon på skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
3.3 Merknad 1: Skjema
Os kommune i Hordaland har eit forbetringspotensiale når det gjeld å beskriva kor inndatafeil oppstår i skjema, der inndatafeil blir oppdaga automatisk.
Merknad til følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 5 | Gjeld Visma skjemaet |
2 | Side 6 | Saksnummer |
3.3.1 Kommentar til merknad 1
Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut. Dette er viktig for alle brukarar.
4 Regelverk
- Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
5 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Os kommune i Hordaland omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 30.06.2017.
- Vi fekk dokumentasjon 24.08.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
- Formøte vart gjennomført 31.08.2017. Felles for kommunane Askøy, Os i Hordaland og Lindås.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 35 og 36.
- E-post 02.10.2017 om at utsending av førebels rapport er forseinka.
- Førebels rapport og e-post med bildedokumentasjon av feil vart sendt 19.10.2017.
- E-post om at kommunen ikkje har tilbakemeldingar på førebels rapport motteke 13.11.2017.
7 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Os kommune i Hordaland sendte følgjande dokumentasjon:
- Oversendingsbrev
- ACOS Info Link signert avtale
- ACOS signert avtale skjemadesigner med endringsbilag
- Dokumentasjon ACOS skjemadesigner med 3 vedlegg
- Uttale Moava nettstad
- Uttale Speedware kulturskule
- Uttale Visma rekruttering
- Rapport Siteimprove datert 24.08.17
- Liste over kjente feil og plan for retting
- Uttale IST Barnehagesøknad med vedlegg
- Oppdatert liste over kjente feil og plan for retting