Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport SAS Norge AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med SAS Norge AS. Inspeksjonen avdekte 6 avvik på områda tastaturnavigasjon, kontrast, koding av innhald, koding av skjema, skjema og navigasjon. Det blei gitt 1 merknad på tekstalternativ.

2017:9
29. november 2017

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med SAS Norge AS i tidsrommet 20.06.2017 – 03.11.2017. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden https://www.sas.no/.

    Rapporten gjer greie for avvika og merknaden som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av SAS Norge AS sitt arbeid med universell utforming av ikt.

    2 Om inspeksjonen

    2.1 Tema

    Tilsynet omfatta følgjande tema

    • skjema
    • navigasjon
    • tastaturnavigasjon
    • koding av innhald
    • struktur og presentasjon
    • tekstalternativ

    Føremålet med inspeksjonen er å kontrollere om SAS Norge AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

    2.2 Testinga av nettstaden

    Vi har testa gjennomføring av viktige brukaroppgåver på nettstaden.

    • Bestilling av flybillett.
    • Bruk av lågpriskalender.
    • Sjekk om flyet er i rute.
    • Finne informasjon om assistanse, ulike typar billettar og kontaktinformasjon.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 17 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 2.3.

    Vi har testa 28 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og vi har brukt 40 indikatorar.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Chrome, versjon 62
    • Colour Contrast Analyser, versjon 2.4.0.23
    • Firefox, versjon 56
    • Internet Explorer 11
    • Kodevalidatoren til W3C

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

    2.3 Enkeltsider som vart testa

    Nettsidene som ikkje er lenka i lista under, er sider som har ein URL som er unik for kvar brukar.

    1. Startsida
    2. Velg flygninger
    3. Reisende
    4. Tilleggstjenester
    5. Velg sete (modalvindu på tilleggstjenester)
    6. Legg til ekstra bagasje
    7. Velg betalingsmåte
    8. Se over og betal
    9. Betaling vellykket
    10. Lavpriskalender
    11. Reiseinfo
    12. Se om vi er i rute
    13. Siste trafikkinformasjon
    14. Assistanse
    15. Service og tilbakemeldinger
    16. Kontakt
    17. Reiseklasser for alle typer reiser

    3 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet. Det er avdekka brot på 20 av 28 krav som er testa, og feila er gruppert i 6 avvik og 1 merknad.

    Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med i vedlegg til rapporten.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    3.1 Avvik 1: Tastaturnavigasjon

    SAS Norge AS sikrar ikkje tastaturnavigasjon på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Element det ikkje er mogleg å nå eller bruke med tastaturet
    Nr Side Element
    1 Side 1 Alle klikkbare element i modalvindauge for å velje tal passasjerar
    2 Side 1 Alle navigerbare element i kalender for å velje dato for heimreise
    3 Side 1 Alle navigerbare element i kalender for å velje dato for utreise
    4 Side 1 Lenka under Opplev Norge
    5 Side 1 Lenka under Vi flyr deg til varmen
    6 Side 2 Knappen Endre søk
    7 Side 2 Rader for å velje avgang
    8 Side 2 Knappar for å velje mellom ulike billettypar
    9 Side 2 Lenka SAS GO
    10 Side 1 Infoknapp om brukarnamn når du er i innloggingsdialogen.
    11 Side 1 Knapp for å bytte Fra og Til når du skal søke på flyreise
    12 Side 3 Sjekkboksen Send meg reisetips og tilbud
    13 Side 3 Sjekkboksen Jeg godtar betingelser og vilkår
    14 Side 2,3,4,7 Knapp for å lukke modalvindauget med meir informasjon om dei ulike bilettypane
    15 Side 3,4,7,8 Knapp for å lukke modalvindauget med meir informasjon om skattar og avgifter
    16 Side 3,4,7 Lenka Skatter og avgifter under modalvindauget Vis reise
    17 Side 4 Vala Velg sete og Legg til bagasje
    18 Side 5 Knapp for å fjerne valt sete
    19 Side 6 Knappar for å legge til og fjerne bagasje
    20 Side 7 Knapp for å få meir informasjon om CVC nummeret
    21 Side 8 Knapp for avbryte betalinga
    22 Side 8 Alle klikkbare element i modalvindauget Vilkår og betingelser
    23 Side 9 Infoknapp for flyginga
    24 Side 9 Knapp for å endre seteval
    25 Side 14 Informasjon om PIR-nummer
    26 Side 15,16 Knappen Send i skjemaet Feilrapport for sas.no
    27 Side 15,16 Knapp for å slette vedlegg i skjemaet Feilrapport for sas.no
    b) Tastaturfelle det ikkje er mogleg å navigere ut av
    Nr Side Element
    1 Side 8 Modalvindauget Vilkår og betingelser
    2 Side 10 Lavpriskalender
    c) Nr Side Element 1 Side 1,10-17 Heile nettsida
    Nr Side Element
    1 Side 1,10-17 Heile nettsida
    d) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon
    Nr Side Element
    1 Side 1-14 Lenka Cookies i modalvindauget for å bekrefte vilkåra for Cookies
    2 Side 1,2 Alle aktive klikkbare element som er koda som lenker (a-elementet)
    3 Side 1 Alle radioknappar
    4 Alle sider Lenker og Søkeknapp i hovudmeny
    5 Side 2 Radioknappane for å velje om du vil ha prisar i kroner eller bonuspoeng
    6 Side 2 Rader for å velje avgang
    7 Side 3 Alle aktive klikkbare element som er koda som lenker (a-elementet), unntatt 1.Velg flygninger
    8 Side 2,3,4 Knappen Vis reise
    9 Side 3,4 Knappen Fortsett
    10 Side 4 Alle aktive klikkbare element som er koda som lenker (a-elementet), unntatt 1.Velg flygninger og 2. Reisende
    11 Side 6 Alle klikkbare element på sida
    12 Side 5 Alle klikkbare element, unntatt valt sete
    13 Side 7 Alle klikkbare element under Vis reise
    14 Side 7 Aktiv knapp når du vel mellom Paypal og SAS Credits
    15 Side 7 Lenka Legg den til her for å opptjene poeng
    16 Side 8,9 Alle klikkbare element
    17 Side 10 Alle klikkbare element, unntatt nedtrekkslister
    18 Side 1-17 Topptekst
    19 Side 1-17 Botntekst
    20 Side 12 Skjemaelementa i skjemaet Se om vi er i rute
    21 Side 14,17 Like-knappen (Facebook)
    22 Side 15 Knappen Send oss din tilbakemelding
    23 Side 15 Sjekkboksar i skjemaet Kanseller bestillingen din.
    24 Side 15,16 Knappane Velg filer og Avbryt i skjemaet Feilrapport for sas.no.
    25 Side 15,16 Nedtrekkslister i skjemaet Feilrapport for sas.no

    3.1.1 Kommentar avvik 1

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er umogleg å bruke for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
    • Brukarar skal ikkje bli ståande fast i element på sida når dei navigerer med tastatur. Tastaturfeller er ein alvorleg feil, som gjer at brukaren ikkje får tilgang til innhaldet på nettstaden.
    • Det skal vere mogleg å hoppe over innhald som blir gjentatt på fleire sider, som for eksempel menyar, navigasjonslenker, topptekst, slik at brukaren kjem raskare til hovudinnhaldet.
    • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

    3.2 Avvik 2: Kontrast

    SAS Norge AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1
    Nr Side Element
    1 Side 1-17 Lys blå knapp med kvit tekst: Bruk endringer, Søk, Bestill senest 22/10, Bli medlem, Logg inn med fleire
    2 Side 1,10-17 Lenke Betingelser og vilkår i skjema Bli medlem
    3 Side 1 Overskrift Én vei fra på feltet Vi flyr deg til varmen
    4 Side 1 Navn på land i søk etter reisemål i felta Til og Fra
    5 Side 1 Valde datoar i kalenderen (Til og Fra)
    6 Side 1-5,7,9-11,13-16 Lys blå lenker på kvit bakgrunn. (Det ligg fleire tilfeller spredt på sida)
    7 Side 1 Lys blå lenker på grå bakgrunn. Det ligg fleire tilfeller spredt på sida)
    8 Side 1,2,10-17 Feilmeldingar i skjema (Logg inn, Bli medlem og Reisevalg)
    9 Side 2 Teksten /voksen og P klasse (grå tekst på vald reiseklasse)
    10 Side 2 Teksten /voksen og P klasse (grå tekst på alternativ reiselklasse)
    11 Side 2 4 seter igjen (tal sete som er ledige på flyet, viss flyet er nær fullbooka)
    12 Side 3 Feilmelding i skjema (Reisende)
    13 Side 7 Feilmeldingar i skjema (Kredittkortopplysninger)
    14 Side 7 Blå knapp med kvit tekst (Valt knapp)
    15 Side 9 Endre bestilling, Avbestill
    16 Side 9 Måltid inkludert
    17 Side 14 Blå knappar i tilbakemeldingsskjema
    18 Side 14 Viktig melding i tilbakemeldingsskjema
    19 Side 14 Mellomtitlar i tilbakemeldingsskjema
    20 Side 14 Jeg samtykker i vilkår og betingelser (i tilbakemeldingsskjema)
    21 Side 14 Feilmeldingar i tilbakemeldingsskjema
    22 Side 15 Obligatoriske opplysningar (i skjemaet Feilrapport for sas.no)
    23 Side 15 Overskrifter i skjemaet Feilrapport for sas.no
    24 Side 17 Overskrifter i tabellane Sammenlign våre reiseklasser (innland og utland)
    b) Tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1
    Nr Side Element
    1 Side 1,10-17 Ledetekstar i skjemafelta Brukarnamn og Passord i skjema logg inn. Gjeld når brukaren står utanfor feltet.
    2 Side 1,10-17 Ledetekstar i skjemafelta Brukarnamn og Passord i skjema logg inn. Gjeld når brukaren står i feltet.
    3 Side 1,10-17 Ledetekstar i skjemaet Bli medlem. 5 felt. Gjeld når brukaren står utanfor feltet.
    4 Side 1,10-17 Ledetekstar i skjemaet Bli medlem. 5 felt. Gjeld når brukaren står i feltet.
    5 Side 1,2 Ledetekstar i skjemaet for å bestille reise. 4-7 felt, avhengig av reisetype. Gjeld når brukaren står utanfor feltet.
    6 Side 1,2 Ledetekstar i skjemaet for å bestille reise. 4-7 felt, avhengig av reisetype. Gjeld når brukaren står i feltet.
    7 Side 1 Tekst på bildet How can you change the world (…)
    8 Side 1 Lenker i botntekst, under overskriftene Fly med oss, Reiseinfo og Eurobonus
    9 Side 1 Datoar som er merka for å vise lengde på reise
    10 Side 1 Aldersgrense på barn, spedbarn og ungdom
    11 Side 2 Teksten under Alltid inkludert med SAS
    12 Side 2,7,9 Informasjonsikon (i)
    13 Side 3 Ledetekst i skjema
    14 Side 3 Ledetekst i skjema, når brukaren står i feltet
    15 Side 5 Tekst på felt som viser valt sete
    16 Side 5 Infomelding sete for personar utan redusert funksjonsevne
    17 Side 6 Tal bagasje, vekt og pris
    18 Side 7 Ekstra informasjon om betalingsform (kredittkort, Klarna, SAS Credits/Paypal)
    19 Side 7 Ledetekstar i skjema om kredittkortopplysningar
    20 Side 8 Lys blå lenke på grå bakgrunn (Skatter og avgifter)
    21 Side 9 Dato for flygning
    22 Side 9 Flys as Scandinavian Airlines, SAS Plus
    23 Side 9 Informasjon om hotell og bilutleige
    24 Side 9 e-billettnr, Måltid inkl, Voksen tur/retur
    25 Side 11-17 Valt side i brødsmulesti (grå tekst på kvit bakgrunn)
    26 Side 12 Vennligst angi flightnummer
    27 Side 14 Svaralternativ i nedtrekkslister, placeholdertekstar og inndata i tilbakemeldingsskjema
    28 Side 15,16 Lenker i grått felt på toppen av sida
    29 Side 15 Ledetekstar i skjemaet Kanseller bestillingen din. Gjeld når brukaren står utanfor feltet.
    30 Side 15 Ledetekstar i skjemaet Kanseller bestillingen din. Gjeld når brukaren står i feltet.
    31 Side 15 Feilmeldingar i skjemaet Kanseller bestillingen din.
    32 Side 15 Feilmeldingar i skjemaet Bestill kvittering
    33 Side 15 Knappen Velg filer i skjemaet Feilrapport for sas.no
    34 Side 14 Lenke i viktig melding i tilbakemeldingsskjema
    c) Bilde av tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1
    Nr Side Element
    1 Side 17 Video: The Refreshed Cabin (0:05)
    2 Side 17 Video: 2 seats (0:54 og 0:57)
    3 Side 17 Video: 1 seat (1:38 og 1:41)
    4 Side 17 Video: Screens (1:56)
    5 Side 17 Video: Reading (1:56)
    6 Side 17 Video: WIFI (2:03)
    7 Side 17 Video: Informasjon om sengetøy (2:11)

    3.2.1 Kommentar avvik 2

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

    • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

    3.3 Avvik 3: Koding av innhald

    SAS Norge AS sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhald på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Overskrifter er ikkje koda som overskrift
    Nr Side Element
    1 Side 5 Tilleggstjenester
    2 Side 8 Utreise og Hjemreise
    3 Side 9 Ikke åpen for innsjekking, Din bestillingsreferanse
    4 Side 9 Save on hotels & cars
    5 Side 9 Namn på hotell, SAS car rentals
    6 Side 13 How to request a refund for cancelled flights
    7 Side 14,15,17 Overskrifter i trekkspel
    b) Tabellar er ikkje koda med <table>-elementet
    Nr Side Element
    1 Side 1 Opplev Norge
    2 Side 1 Vi flyr deg til varmen
    3 Side 2 Utreise
    4 Side 2 Hjemreise
    5 Side 6 Tabell for å legge til og fjerne bagasje
    c) Overskriftsceller i tabell er ikkje koda med <th>
    Nr Side Element
    1 Side 10 Lavpriskalendar
    2 Side 13 Sjekk om vi er rute
    3 Side 14 Pris for installasjon av ekstra oksygen
    d) Liste er ikkje koda som liste
    Nr Side Element
    1 Side 13 Liste med styrkede sikkerhetstiltak
    e) Nettsider med språkkode som ikkje samsvarar med hovudspråket på nettsida
    Nr Side Element
    1 Side 1,3-9 Heile nettsida
    f) Nettsider manglar gyldig språkdeklarering i koden
    Nr Side Element
    1 Side 2 Heile nettsida
    g) Setning/avsnitt på anna språk manglar gyldig språkdeklarering i koden
    Nr Side Element
    1 Side 11 Terms and conditions
    2 Side 12 Overskrifter i tabellen Se om vi er i rute
    3 Side 13 Alle infomeldingar på engelsk
    h) Setning/avsnitt med språkkode som ikkje samsvarar med språket i setninga/avsnittet
    Nr Side Element
    1 Side 14 Iframe med tilbakemeldingsskjema
    i) Sider med syntaksfeil i koden
    Side Element som ikkje er nøsta korrekt Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har IDar som ikkje er unike Sum Fatal error
    1 0 0 2 2 4 Nei
    2 15 0 0 8 23 Nei
    3 2 0 0 0 2 Ja
    4 2 0 0 0 2 Ja
    5 2 0 0 0 2 Ja
    6 2 0 0 0 2 Ja
    7 4 0 0 0 4 Ja
    8 4 0 0 0 4 Ja
    9 4 0 0 0 4 Ja
    10 2 0 1 3 6 Nei
    11 0 0 1 2 3 Nei
    12 0 0 1 2 3 Nei
    13 0 0 1 2 3 Nei
    14 0 0 1 4 5 Nei
    15 0 0 1 4 5 Nei
    16 0 0 1 2 3 Nei
    17 0 0 1 2 3 Nei
    Sum 37 0 10 31 78
    j) Iframe er kopla til ein ledetekst i koden som ikkje identifiserer iframen
    Nr Side Element
    1 Side 1 Skjult iframe
    2 Side 10,14,17 Iframe Facebook plugin
    3 Side 10,14,17 Iframe Google plus knapp
    k) Iframe er ikkje kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 1-8,10-17 Iframe googletagmanager
    2 Side 1 Iframe googletagmanager 2
    3 Side 2-8 Skjult iframe
    4 Side 7 Iframe for å legge inn kredittkortinformasjon
    5 Side 8 Skjult iframe i "at-element marker" class
    6 Side 10,14,17 Skjult oauth2 iframe
    7 Side 9-14,16,17 Skjult doubleclick.net iframe
    8 Side 12 Iframe for å hente flightstatus
    9 Side 14 Skjult feedback form
    10 Side 14 Skjult feedback form 2
    11 Side 15 Skjult iframe for bokningsbekreftelse
    12 Side 15,16 Skjult iframe for rapporteringsskjema for feil på sas.no
    13 Side 17 Youtube-video av kabinen i A330
    14 Side 9 Iframe for innstikk frå Hotels.com

    3.3.1 Kommentar avvik 3

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.
    • Språket på innhaldet på nettsida skal vere rett koda, slik at brukaragentar og skjermlesarar les opp innhaldet på rett måte.
    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på iframe, gjer at brukaren veit kva innhald som blir henta inn.

    3.4 Avvik 4: Koding av skjema

    SAS Norge AS sikrar ikkje alltid korrekt koding av skjema på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Skjemaelement er ikkje kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 1 Søkefelt
    2 Side 2 Nok
    3 Side 2 Poeng
    4 Side 3 Bonusprogram (Legg til bonusprogram)
    5 Side 3 EuroBonusnummer (Legg til bonusprogram)
    6 Side 7 Kortnummer
    7 Side 7 Navn på kort
    8 Side 7 Utløpsdato
    9 Side 14 Skjemaelement i skjemaet Bestill spesialassistanse
    10 Side 14 Språkval i tilbakemeldingsskjema
    11 Side 14 4 nedtrekkslister for å kategorisere tilbakemelding
    12 Side 14 Alle skjemaelement i tilbakemeldingsskjema
    13 Side 15 Alle skjemaelement i skjemaet Kanseller bestillingen din
    14 Side 15 Alle skjemaelement i skjemaet Bestill kvittering
    15 Side 15 Alle skjemaelement i skjemaet Feilrapport for sas.no
    b) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden som ikkje identifiserer skjemaelementet
    Nr Side Element
    1 Side 8 Sjekkboks for å bekrefte betingelser. Ledetekst på engelsk
    2 Side 10 Fra
    3 Side 10 Til
    c) Skjemaelement kopla til ein ledetekst i koden, men er plassert i ei gruppe som ikkje er kopla i koden
    Nr Side Element
    1 Side 14 Sjekkboksane til Egen rullestol
    d) Knapp er ikkje koda med standardelementa input eller button, og har ikkje har role="button"
    Nr Side Element
    1 Side 1 Søkeknapp
    2 Side 1 Knapp for å bytte mellom Fra og Til når du skal søke på flyreise
    3 Side 5 Lukk knapp
    4 Side 6 Avbryt knapp
    5 Side 3,4,5,7 Lukk knapp skatter og avgifter i modalvindauge
    6 Side 3,4,5,7,8 Lukk knapp i modalvindauge for meir informasjon om billettkategori
    7 Side 14 Velg for å registere vedlegg
    8 Side 15 Velg filer og Send (i skjemaet Feilrapport for sas.no)
    e) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden som ikkje identifiserer knappen
    Nr Side Element
    1 Side 3, 4 Fortsett knapp. Har aria-label på engelsk
    2 Side 3,4,5,7 Vis reise. Har aria-label på engelsk
    3 Side 12 Listene Dag og Tid
    4 Side 12 Søk (etter ruteinfo). Ledetekst på Engelsk
    f) Knapp er ikkje kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 12 Bytt mellom stad og flightnummer
    2 Side 14 Last inn ny Captcha

    3.4.1 Kommentar avvik 4

    Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg eller umogleg å bruke for skjermlesarbrukarar.

    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.

    3.5 Avvik 5: Skjema

    SAS Norge AS sikrar ikkje alltid tilstrekkelege instruksjonar og feilmeldingar i skjema på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) CAPTCHA utan alternativ form
    Nr Side Element
    1 Side 14 Tilbakemeldingsskjema (berre bilde i CAPTCHA).
    2 Side 16 Bestill kvittering (berre logisk oppgåve i CAPTCHA).
    b) Skjemaelement brukar berre farge til å formidle informasjon
    Nr Side Element
    1 Side 15 Obligatoriske felt i skjemaet Feilrapport for sas.no.
    c) Ledeteksten er ikkje beskrivande for emne eller formål med skjemaelementet
    Nr Side Element
    1 Side 15 Start date, End date, Email address, Add up the numbers. Ledetekstane er på engelsk.
    d) Skjemaelement med automatisk oppdaging av tomme obligatoriske felt, har ikkje tekstleg feilmelding
    Nr Side Element
    1 Side 1,10-17 Logg inn (Brukarnamn og passord). Knappen er deaktivert.
    2 Side 1,2,10-17 Bli medlem (7 skjemaelement). Knappen er deaktivert.
    3 Side 7 Kortopplysninger (4 felt). Knappen er deaktivert.
    4 Side 8 Jeg har lest og godkjenner betingelser. Knappen er deaktivert.
    5 Side 14 Hele tilbakemeldingsskjemaet. Knappen er deaktivert.
    6 Side 15,16 Skjemaelement som får feilmelding i skjemaet Feilrapport for sas.no. Felta er berre merka med raudt.
    e) Skjemaelement med automatisk oppdaging av tomme obligatoriske felt, med feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått
    Nr Side Element
    1 Side 1,2 Fra og Til. Feilmelding på engelsk.
    2 Side 1,2 Utreise og Hjemreise. Felmelding på engelsk.
    3 Side 5 Setevalg (en per flyvning)
    4 Side 14 Skjemaet Bestill spesialassistanse
    5 Side 15 Skjemaelement med feilmelding i skjemaet Kanseller bestillingen din
    6 Side 15 Add up the numbers
    f) Skjemaelement med automatisk oppdaging av inndatafeil med feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått
    Nr Side Element
    1 Side 15 Add up the numbers
    g) Skjemaelement med automatisk oppdaging av inndatafeil har ikkje tekstleg feilmelding
    Nr Side Element
    1 Side 15,16 E-postadresse. Berre merka med raudt.
    h) Skjemaelement med identifikasjon i form av ikon/symbol/bilde har ikkje informasjon i koden som set brukaren i stand til å identifisere skjemaelementet
    Nr Side Element
    1 Side 1 Søkefeltet
    i) Skjemaelement utan tekstleg informasjon eller symbol/ikon som viser at skjemaelementet er obligatorisk
    Nr Side Element
    1 Side 3 Alle obligatoriske felt i skjemaet informasjon om reisende
    2 Side 7 Alle obligatoriske felt i skjemaet der du skal legge inn kortinformasjon.
    3 Side 12 Flightnummer og Skriv inn by/flyplass/flyplasskode
    4 Side 15 4 skjemafelt i skjemaet Bestill kvittering. Engelske ledetekstar.
    5 Side 1 Alle skjemafelter i skjemaet for bestille flybillett på forsida.
    j) Skjemaelement utan identifikasjon i form av tekst og eller ikon/symbol/bilde
    Nr Side Element
    1 Side 12 Dag og Tid
    k) Skjemaelement får feilmelding utan tilstrekkeleg forslag til korleis brukaren kan rette feilen
    Nr Side Element
    1 Side 1,10-17 E-post/Brukernavn/EuroBonus-nr./Travel Pass
    2 Side 3 Epost, Telefon
    3 Side 14 E-postadresse
    4 Side 14 PIR-nummer
    5 Side 14 Email address
    l) Skjemaelement får ikkje feilmelding med forslag til korleis brukaren kan rette feilen
    Nr Side Element
    1 Side 15,16 E-postadresse

    3.5.1 Kommentar avvik 5

    Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle.

    • Berre bruk CAPTCHA dersom det er nødvendig. Viss det er CAPTCHA på nettsida, skal det vera minst to typar CAPTCHA, i form av bilde, lyd eller tekst. Lyd- og bilde-CAPTCHA skal ha tekstalternativ som identifiserer og beskriv formålet.
    • Feilmeldingar i skjema skal vere merka med tekst og ikkje berre farge, slik at brukaren får med seg kor feilen ligg.
    • Skjemaelement skal ha beskrivande ledetekstar, slik at brukaren forstår kva dei skal skrive inn. Ledetekstane skal vere på same språk som nettsida. Obligatoriske felt skal vere tydeleg merka.
    • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut. Brukaren skal få forslag til korleis dei kan rette feilen, dersom det finst kjente måtar å rette feilen. Feilmeldingar skal vere på same språk som nettsida.

    3.6 Avvik 6: Navigasjon

    SAS Norge AS sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

    a) Lenka bilde utan alternativ tekst
    Nr Side Element
    1 Side 1-4,7,9-17 SAS-logo
    2 Side 1,10-17 Velg språk (i topptekst)
    3 Side 1,2,10-17 Logg inn/bli medlem (i topptekst)
    4 Side 1 6 kulepunkt for å følge SAS i sosiale medium
    5 Side 1,10-17 A Star Alliance Member
    b) Lenka bilde med alternativ tekst som ikkje beskriv formålet med lenka
    Nr Side Element
    1 Side 5 Blå knapp for å velje sete, med engelsk alt-tekst
    2 Side 9 i-ikon for meir informasjon om flygning. Eit ikon per flyvning. Attributtet aria-label er tomt.
    3 Side 3 Illustrasjon av setereservasjon og bagasje, begge med engelsk alt-tekst
    c) Lenker skil seg ikkje frå tekst med andre verkemiddel enn berre farge
    Nr Side Element
    1 Side 1,2,10-17 her, les mer og Betingelser og vilkår i skjemaet Bli medlem
    2 Side 1 Travel pass
    3 Side 1,2 Ungdom (12-25 år), Gjør en gruppebestilling
    4 Side 2,3,4,7 Blå lenker i feltet Vis reisen som ligger nederst på siden.
    5 Side 6 Informasjon om gratis bagasje
    6 Side 4 Endre (sete og bagasje)
    7 Side 4 Legg den til her for å opptjene poeng (3 tilfelle)
    8 Side 9 inkl.VAT 956 NOK, Endre bestilling, Avbestill, Legg til mer bagasje, Legg til bonusprogram, Legg til ekstra bagasje, Vis detaljer
    9 Side 11-17 Lenker i brødsmulesti
    10 Side 13-17 Lys blå lenker på kvit bakgrunn
    11 Side 15,16 Lys blå lenker på grå bakgrunn
    12 Side 8 Skatter og avgifter og betingelser
    13 Side 10,17 Sign up (til Facebook)
    d) Sider der tekst forsvinn i 200 %-visning
    Nr Side Element
    1 Side 7 Feilmelding med informasjon om at du må fylle inn kortinformasjon
    2 Side 9 Området som viser tider og fly nummer blir dekka av ein blå firkant.
    e) Sidetittel beskriv ikkje innhaldet på nettsida
    Nr Side Element
    1 Side 1 Billige flybilletter og flyreiser – søk og bestill fly
    f) Nettsida har ikkje sidetittel
    Nr Side Element
    1 Side 2-9 Heile nettsida - SAS classic
    g) Lenketekst saman med programmeringsmessig kopla kontekst beskriv ikkje formålet med lenka
    Nr Side Element
    1 Side 1 Les mer (om fordeler med EuroBonus)
    2 Side 14 Lenker til SAS Medical Sales
    3 Side 14 Reise med førerhund

    3.6.1 Kommentar avvik 6

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for alle.

    • Brukaren skal få informasjon om lenkemål. Det betyr at lenker anten skal ha ein tydeleg lenketekst, eller at lenkemålet er tydeleg ut frå lenka og teksten rundt.
    • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
    • Lenker skal skilja seg ut frå tekst som ikkje er lenkja med meir enn berre farge. Dette kan vera for eksempel at lenker har understreking, feit skrift, annan skrifttype med meir.
    • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
    • Nettsidene skal ha ein beskrivande sidetittel. Sidetittel gjer det gjer det enklare for brukaren å finne relevant innhald.

    3.7 Merknad: Tekstalternativ

    SAS Norge AS har eit forbetringspotensiale når det gjeld tekstalternativ på nettstaden.

    Merknad til følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Bilde utan alt-attributt i koden
    Nr Side Element
    1 Side 7 Klarna, SAS Credits, PayPal (når betalingsalternativet er valt)
    2 Side 9 Logo Hotels.com
    3 Side 14 SAS-logo i tilbakemeldingsskjema
    4 Side 9 Kvit hake på grøn bakgrunn
    b) Bilde med tekstalternativ som ikkje gir same informasjon som bildet
    Nr Side Element
    1 Side 4 Grønt ikon med hake
    c) Bilde utan tekstalternativ
    Nr Side Element
    1 Side 7 Betalingskort (5 stk)
    d) Videoklipp utan norsk teksting
    Nr Side Element
    1 Side 17 Nye kabiner på interkontinentale flygninger

    5 Standarden for nettløysingar

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med SAS Norge AS omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 20.06.2017.
    2. Førespurnad om utsetting av inspeksjonen 29.06.2017.
    3. Vi fekk dokumentasjon frå verksemda 06.07.2017 og 10.10.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
    4. Avgjerd om å utsette inspeksjonen 07.07.2017.
    5. E-postkorrespondanse om nytt tidspunkt for inspeksjonen 14.07.2017.
    6. Telefonsamtale om dokumentasjon 18.09.2017.
    7. Formøte vart gjennomført i Oslo 18.10.2017.
    8. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 42 - 44.
    9. Sluttmøte (video) med presentasjon av resultat vart gjennomført 06.11.2017. Verksemda møtte ikkje til planlagt sluttmøte (video) 02.11.2017.
    10. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 07.11.20017.
    11. Vi fekk tilbakemelding på førebels rapport med forslag til framdriftsplan for retting 21.11.2017.

    7 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeide ny dokumentasjon for tilsynet.

    SAS Norge AS sendte følgjande dokumentasjon:

    • Oversendingsbrev
    • Kontrakt mellom SAS AB og Tata Consultancy Services Sverige AB signert mai 2014
      • Endingsprotokoll 1
      • Endingsprotokoll 2
      • Endringsprotokoll 3
    • Plan for redesign av nettstaden juli 2017
    • Informasjon om nettstaden
      • Sidestruktur
      • Komponentar
      • Mest brukte tenester/sider
      • Oppdatert plan for redesign 2017 -2018
    • Oversikt over 100 mest brukte sider i september 2017 – Norge