Tilsynsrapport Skagen AS
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt under tilsynet med Skagen AS. Inspeksjonen avdekte 3 avvik på områda kontrast, koding og navigasjon.
1 Samandrag
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt under tilsynet med Skagen-fondene, Skagen AS. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.skagenfondene.no/.
Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta
- koding av ulike typar innhald
- tastaturnavigasjon
- tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
- lenker
- kontrast
Inspeksjonen avdekte 3 avvik. Det blei ikkje gitt merknader.
1.1 Kva er avvik og merknad
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
1.2 Oversikt over resultat
- Avvik 1: Skagen AS sikrar ikkje alltid at det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
- Avvik 2: Skagen AS sikrar ikkje alltid korrekt koding av informasjon og struktur.
- Avvik 3: Skagen AS sikrar ikkje alltid at brukaren kan identifisere, nå og bruke alt innhald og alle funksjonar på nettstaden.
Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.
2 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt. Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte i tidsrommet 9.5.2016-19.5.2016 tilsyn med Skagen AS, SKAGEN Fondene. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden https://www.skagenfondene.no/.
Inspeksjon inneber at vi hentar inn og går gjennom dokumentasjon frå verksemda, har møter og verifiserer delar av nettstaden opp mot krava til universell utforming av ikt.
Denne rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i verifikasjonen. Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Skagen AS sitt arbeid med universell utforming av ikt, verken generelt eller innanfor tema for tilsynet.
3 Tema for inspeksjonen
Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta
- koding av ulike typar innhald
- tastaturnavigasjon
- tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
- lenker
- kontrast
Føremålet er å kontrollera om Skagen AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.
4 Nettstaden
4.1 Om nettstaden
Skagen AS lanserte nye nettsider i november 2015. Utviklinga av nettstaden bygger på ein teknisk kravspesifikasjon som sist vart revidert 10. februar 2015. Det går fram av kravspesifikasjonen at målet med oppgraderinga var å:
- Lage et brukervennlig nettsted basert på toppoppgaver.
- Utvikle nettsteder som er responsive og gir en optimal brukeropplevelse på en rekke ulike enheter - mobiltelefon, nettbrett og desktop.
- Sørge for at nettstedene tilfredsstiller kravene om tilgjengelighet (WCAG 2.0).
- Redusere og optimalisere eksiterende innhold og styrke den digitale merkevaren.
- Oppgradere CMS til et mer moderne verktøy som gjør det enklere for redaktører å arbeide med innhold og løse dag-til-dag oppgaver.
Verksemda har utarbeida rutinar med oversyn over arbeidsoppgåver og ansvar for forvaltninga av nettstaden. Her inngår også oppgåva med å sørgje for at nettstaden tilfredstillar krava i WCAG 2.0. Den ligg til ansvarleg for brukaroppleving Ingvill Helen Kjørlaug. Sida lansering av nettstaden har verksemda arbeida kontinuerlig med forbetring av innhaldet og brukargrensesnittet.
Ingvill Helen Kjørlaug var tilsynets kontaktperson under gjennomføringa av inspeksjonen.
4.2 Om verifikasjonen
Verifikasjonane er gjort ved testing av 15 enkeltsider på nettstaden. Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.
Kontrast er kontrollert med verktøyet Colour Contrast Analyser, versjon 2.2a.
Syntaks i HTML-koden er sjekka med kodevalidatoren til W3C.
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.
4.3 Enkeltsider som vart testa
- Forsiden
- Logg inn
- Logg inn med passord
- Våre fond
- SKAGEN Kon-Tiki A
- SKAGEN høyrente institusjon
- Sparing i fond
- Nyheter
- Om oss
- Kontakt oss
- Kontakt oss, Chat pop-up
- Kontakt oss, bli oppringt pop-up
- Pensjonskalkulator
- Historisk kalkulator
- Artikkelside Vekstmarkeder i mars
5 Resultat
5.1 Innleiing
Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med i vedlegg til rapporten.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
5.2 Avvik
5.2.1 Avvik 1
Avvik: Skagen AS sikrar ikkje alltid at det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.4.3.
Suksesskriterium i WCAG:
Avvik 1 bygger på følgjande funn:
Funn nr. | side | Omtale av teksten som ikkje oppfyller krava til kontrast | Tekststorleik | Målt kontrast |
---|---|---|---|---|
1 | 1 | Overskriftene i tabellen. | Liten | 3,1:1 |
2 | 1, 8 | Lenkene i oversikten over tidlegare marknadssrapportar. | Liten | 4,2:1 |
3 | 1, 5, 6 | Kvit tekst på blå bakgrunn. | Liten | 3,12:1 |
4 | 1 | Tekstane som er kvit på gjennomsiktig bakgrunn og som forklarer bakgrunnsbiletet, kan i nokre tilfelle ha for lav kontrast, avhengig av biletet bak. | Liten | 4,33:1 |
5 | 1, 8, 11 | Forklaringstekst i skjemaelementer. | Stor | 2,8:1 |
6 | 3 | Teksten Avbryt på knappen for å avbryte innlogging. | Stor | 2,7:1 |
7 | 5 | Teksten Aksjefond. | 2,1:1 | |
8 | 5, 6 | Teksten Tabell og Graf i aktivert knapp, blå tekst på grå bakgrunn. | 2,7:1 | |
9 | 5, 6 | Tekstene i tabelloverskriftsradene. | Liten | 3,1:1 |
10 | 5, 6 | Teksten Fra dato og Til dato i elementa for å velje dato under beregn avkasting. | 2,4:1 | |
11 | 5 | Tekstene som gjeld prosentandel under Geografisk porteføljeoversikt. | 2,3:1 | |
12 | 5 | Lenkene i oversikten over Fondsdokumenter. | Liten | 4,2:1 |
13 | 5, 6 | Lenkene under Statusrapporter for fondet. | Liten | 4,2:1 |
14 | 6 | Teksten Rentefond. | 2,2:1 | |
15 | 6 | Årstala i grafen. | Liten | 3,5:1 |
16 | 6 | Teksten i nedtrekkslista «velg periode». | Liten | 3,1:1 |
17 | 7 | Teksten under bilete. | Liten | 2,0:1 |
18 | 8 | Teksten Din epostadresse og Abonner på nyheter fra SKAGEN under Hold deg oppdatert. | Liten | 3,1:1 |
19 | 10 | Teksten mandag til torsdag kl 08.00 – 21.00, fredag 08.00 – 17.00. | Liten | 3,1:1 |
20 | 14 | Teksten på aktiv fane/meny, grøn fane med kvit tekst. | 1,9:1 | |
21 | 14 | Teksten på inaktiv fane/meny. Blå fane med kvit tekst. | 2,3:1 | |
22 | 15 | Lenkene med ant likes, «Kommentar» og «Del». | Liten | 4,0:1 |
5.2.2 Avvik 2
Avvik: Skagen AS sikrar ikkje alltid korrekt koding av informasjon og struktur.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.1.1 og 1.3.1.
Suksesskriterium i WCAG:
Avvik 2 byggjer på:
Funn knytt til suksesskriterium 1.1.1
- Side 14 - Logoen til Skagen har ikkje korrekt alt-tekst. Alt teksten beskriv ikkje biletet.
- Side 14 - Biletet av grafen oppfyller ikkje krava til alt-tekst, då biletet ikkje har ein alt-tag. Biletet er komplekst og kravet til komplekse bileter er at alt-teksten skal forklare kva biletet består av, og det skal finst eit tekstalternativ på sida som forklarer innhaldet.
Funn knytt til suksesskriterium 1.3.1
- Oversyn over visuelle overskrifter som ikkje er koda som overskrift:
- Side 4 - Teksten «Vanskeleg å velje?»
- Side 5 - Namna på personane
- Side 6 - Namna på personane
- Oversyn over tekster som er koda som overskrifter utan at dei er visuelle overskrifter:
- Side 5 - 10 tekstar under Geografisk porteføljeoversikt.
- Side 6 - Biletet Sparebanken 1 er koda som overskrift.
- Side 9 - Fire lenkjar under Våre sponsorsamarbeider.
- Oversyn over datatabellar som ikkje har korrekt definerte overskriftsceller:
- Side 1 - Tabellen Avkastning
- Side 5, 6 og 14 - Tabellen under Historisk avkastning
- Oversyn over søkefelt som ikkje er korrekt koda:
- Side 1 - Søkeknappen manglar ein strukturell markering av sin funksjon ved at det ikkje er angitt «value» eller tilsvarande på knappen. Ein brukar med skjermlesar får difor ikkje informasjon om knappens funksjon.
- Oversyn over skjemaelement som ikkje er identifisert med informasjon som skildrar føremålet med feltet. Felta manglar koda kopling til ein ledetekst, og dei har heller ikkje eit beskrivande <title>-attributt.
- Side 1 - Nedtrekksmenyen for å velje valuta.
- Side 3 - Skjemaelementa for innlogging med passord, Fødselsnummer/Bruker-ID: og Passord.
- Side 3 - Skjemaelementet avkryssningsboks for å bytte passord.
- Side 5 og 6 - Nedtrekksmenyen for å velje valuta øvst på sida.
- Side 5 og 6 - Nedtrekksmenyen for å velje valuta under historisk avkastning.
- Side 5 og 6 - Elementet for å velje dato under historisk avkastning.
- Side 5 og 6 - Nedtrekksmenyen for å velje periode under «Historisk avkasting (graf).
- Side 5 og 6 - Elementa for å velje dato frå og til under beregn avkastning (i NOK).
- Side 11 - Skjemafelta Navn og Epost.
- Side 13 - Nedtrekkslisten Når er du født?
- Side 13 - Skjemaelementet Hva er din årslønn?
- Side 13 - Skjemafeltet radioknapp Offentlig sektor.
- Side 13 - Skjemafeltet nedtrekkslisten Hvilken pensjonsordning har du?
- Side 13 - Dei 3 skjemaelementa for å skriva inn Når vil du gå av med pensjon, Hvor mye vil du spare i måneden? Og Ønsket utbetalingstid.
- Side 13 - Skjemafelta Aksjefond og Rentefond.
- Side 13 - Skjemaelementet for å skriva inn prosentandel på Hvor mye sparer arbeidsgiver for deg?
- Side 14 - Skjemafeltet radioknapp ved prosentfeltet.
- Side 13 - Ledetekster til alle skjemafelta på sida er ikkje koda som ledetekst.
5.2.3 Avvik 3
Avvik: Skagen AS sikrar ikkje alltid at brukaren kan identifisere, nå og bruke alt innhald og alle funksjonar på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.1.1, 1.4.1, 1.4.4, 2.1.1 og 2.4.7.
Suksesskriterium i WCAG:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig inhold (Nivå A)
- 1.4.1 Bruk av farge (Nivå A)
- 1.4.4 Endring av tekststørrelse (Nivå AA)
- 2.1.1 Tastatur (Nivå A)
- 2.4.7 Synlig fokus (Nivå AA)
Avvik 3 byggjer på:
Funn knytt til suksesskriterium 1.1.1
Oversyn over funn som gjelde lenka bilete:
- Side 1 og 8 - Det finst to lenkja bilete kor alt teksten ikkje beskriv lenkjemålet. Alt teksten til bileta er kun tre punktum «…». Bileta ligg under aktuelt på framsida.
- Side 2 - Alt tekstane til bileta på alternativa for å logge inn forklarar ikkje lenkemålet. I dette tilfellet kunne alt-taggen vore tom då biletet er baka inn i lenkja med lenkjetekst.
- Side 5 - Dei lenkja bileta med logoar har ein alternativ tekst som beskrive motivet og ikkje lenkemålet.
- Side 15 - Dei lenka bileta har tom alternativ tekst, mens kravet er at dei skal ha ein alternativ tekst som beskriver lenkemålet.
Funn knytt til suksesskriterium 1.4.1
Lenker skal skilje seg fra teksten med meir enn berre farge. Dette kan vera til dømes at lenkjer har understreking, feit skrift, annan skrifttype osb. Ei alternativ løysing er at lenkjer blir markert med farge som har kontrast på minst 3:1 mot teksten, kombinert med at dei får ein synleg visuell effekt både ved mouseover og tastaturfokus. Vi presiserer at automatisk lenkjemarkering i nettlesaren var avslått under testinga.
Oversyn over lenker som ikkje oppfyller desse krava:
- Side 1 - Lista med lenkjer med kontaktinformasjon og sosiale delingsfunksjonar i footer inneheld ei «ulenkja» lenke i same stil som dei lenkja, same på alle sider med footer.
- Side 1 - Lenkene i tabellen. Kontrasten mellom lenke og teksten er målt til 2,5:1.
- Side 3 - Lenka «Glemt passord».
- Side 5 - Lenkene med namna til fondsforvalterane. Målt kontrast mellom lenkene og teksten er 2,5:1.
- Side 5 - Lenka «Se oversikt over alle investeringer». Målt kontrast mellom lenkefarge og tekstfarge er 2,5:1.
- Side 6 - Lenkene med namna til fondsforvalterane. Målt kontrast mellom lenkefarge og tekstfarge er 2,5:1.
- Side 6 - Lenka «Se oversikt over alle investeringer». Målt kontrast mellom lenkefarge og tekstfarge på 2,5:1.
Funn knytt til suksesskriterium 1.4.4
Testinga av zoom vart gjennomført med skjermoppløysing på 800 x 600 pikslar og zoomnivå på 200 %.
Alle sider utanom 11, 12 og 14 - Ved forstørring av sida forsvinner elementa Søk og Velg land frå header. Menyen i Header blir samla i en dropdown meny. Søk og Velg land finnes i denne menyen, men når den er opna i forstørra modus kan ikkje sida rullast slik at heile menyen vises. I tillegg legg menyen seg over heile skjermbiletet, slik at man ikkje kan nå nokon av elementa på sida med mus.
Funn knytt til suksesskriterium 2.1.1
Oversyn over funksjonar det ikkje er mogleg å nå med berre tastatur:
- Side 4 - Symbol med en i for informasjon. Gjeld ved overskriftene Aksjefond, Rentefond og Kombinasjonsfond.
- Side 5 og 6 - Kalenderen for å velje dato under Historisk avkastning. Det er ikkje mogleg navigere til, velje dato med tastatur, eller skrive inn dato direkte i feltet.
- Side 5 og 6 - Kalendrane for å velje Fra dato og Til dato under Beregn avkastning (i NOK). Det er ikkje mogleg navigere til, velje dato med tastatur, eller skrive inn dato direkte i feltet.
- Side 5 - Den grafiske framstillinga av Geografisk porteføljeoversikt med oversikt over Geografisk distribusjon av investering i enkeltland. Informasjonen burde la seg nå ved hjelp av tastatur eller presenterast tekstlig på sida.
- Side 5 og 6 - Fire ikon markert med «i «for meir informasjon under aksjefond.
- Side 5, 6, 7, 8 og 9 - Ikkje mogeleg å sett i gang videoen med berre tastatur.
- Side 13 - Lenkene Viktig informasjon om vårt spareforslag, Les mer om våre forutsetninger og knappen Vår anbefalte sparing.
- Side 13 - Lenka Tilbake til beregnet pensjonsutbetaling, etter man har trykt på lenka Viktig informasjon om vårt spareforslag.
- Side 13 - Lenka Tilbake til beregnet pensjonsutbetaling, etter man har trykt på lenka Les mer om våre forutsetninger.
- Side 13 - Lenka Tilbake etter at man har trykt på knappen Vår anbefalte sparing.
- Side 14 - Radioknappen for å velje Faktisk rente. Når brukaren tabulerer seg vidare, vil den neste radioknappen automatisk bli vald og feltet for å skrive inn prosent automatisk aktivert for redigering. Dette medfører at sida ikkje kan nås med tastatur, med mindre man går baklengs.
- Side 15 - «liker» knappen.
Funn knytt til suksesskriterium 2.4.7
Fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar han eller ho er på nettstaden til ei kvar tid.
- Oversyn over tab-steg utan synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon:
- Side 5 - Alle 10 lenka bileta under Ti største investeringer.
- Side 13 - Sliderane/glidebrytarane i skjema.
- Side 15 - Knappane «Kommenter» og «Del» samt et element for å gå til facebookposten på facebook.
- Oversyn over tomme tab-steg:
- Side 3 - Mellom Velg land og skjemaelementet for å skrive inn fødselsnummer/bruker-id.
- Side 5 - Mellom lenka SKAGEN Kon-Tiki April 2016 (PDF 935 kB) og video.
- Side 5 - Mellom lenkja Knut Harald Nilsson og Samsung.
- Side 6 - Mellom lenkja SKAGEN Høyrente Institusjon April 2016 (PDF 547 kB) og video.
- Side 7 - Mellom lenkja Finn ut mer om SKAGEN Pensjon og video.
- Side 8 - Mellom lenkja Se filmene våre og video.
- Side 9 - Mellom lenkja Historien om SKAGEN og video.
- Side 13 - Mellom Radioknappane under Beregnet pensjonsutbetaling og knappen Gå videre.
- Side 14 - Mellom feltet for å skrive inn Til dato og Beregn knappen.
- Side 15 - Det finnes fleire tomme tab steg før og i modulen for Facebook.
6 Regelverk
- Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
7 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0) nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn.
- Kognisjon.
- Lese- og skrivevanskar.
- Norsk som andrespråk.
- Motorikk.
- Høyrsel.
- Epilepsi.
- Belastningsskadar.
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
8 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Skagen AS omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarsel: Tilsynsvarselet vart sendt 29.03.2016.
- Dokumentasjon: Vi fekk dokumentasjon 22.04.2016. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 9.
- Formøte: Formøte vart gjennomført 02.05.2016. Formøte er del av inspeksjonen fordi lovreguleringa av området er ny, samtidig som undersøkingar viser at det er låg kjennskap til regelverket, krava til nettløysingar (WCAG) 2.0 og tilsynet som myndigheitsorgan.
- Verifikasjon og vurdering: Verifikasjon og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 19. For å gjennomføre verifikasjon, har tilsynet utvikla indikatorsett, i tillegg til prosedyrar for gjennomføring av test, registrering og dokumentasjon av testresultat. Indikatorsettet operasjonaliserer suksesskriteria i WCAG 2.0 som er minimumskrav i regelverket.
- Sluttmøte: Sluttmøte med presentasjon av resultata frå inspeksjonen vart gjennomført 19.05.2016.
- Førebels rapport: Førebels rapport vart sendt 10.06.2016.
- Tilbakemelding frå verksemda: Tilbakemelding på førebels rapport vart motteke 22.7.2016.
9 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.
Skagen AS sendte følgjande dokumentasjon:
- Digital content manual
- Detaljeringsbeskrivelse av prototypen Skagen Fondene-final
- Oversikt over de 10 mest besøkte sidene.
- Skagens Digital media editors responsibility.
- Principles for a new web design.
- Teknisk kravsspesifikasjon Skagen Fondene.
- Validering av universell utforming.
10 Deltakarar
10.1 Frå Skagen AS deltok
Namn | Stilling | Formøte | Sluttmøte |
---|---|---|---|
Lisen Dybdahl | Leder Global kommunikasjon | x | x |
Christian Vestøl | Ansvarleg for systemutvikling | x | |
Signe Vaula | Webansvarleg | x | x |
Ole-Christian Tronstad | Kommunikasjons-rådgjevar | x | x |
Øyvind Jonassen | Webutviklar | x | x |
Ingvill Helen Kjørlaug | Ansvarleg for brukaropplevinga | x | x |
10.2 Frå tilsynet deltok
Seniorrådgjevar Anne-Marie Colban, førstekonsulent Martin Skifte Swartling og førstekonsulent Geir Sindre Fossøy.