Tilsynsrapport Stavanger kommune, Skolen Cappelen Damm
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Stavanger kommune, Skolen Cappelen Damm. Tilsynet avdekka brot på 9 av 13 krav som blei testa.
1 Innleiing
Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Stavanger kommune i tidsrommet 06.03.2023 til 21.04.2023. Tilsynet retta seg mot Skolen, Cappelen Damm.
Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.
Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.
2 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.
Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)
- 1.3.1 Informasjon og relasjoner
- 1.4.3 Kontrast (minimum)
- 1.4.5 Bilder av tekst
- 2.1.1 Tastatur
- 2.4.7 Synlig fokus
- 4.1.1 Parsing (oppdeling)
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
2.1 Alternativt format
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 10 | Logo nederst | 1.1.1a-1 |
2 | Side 8 | Akkord G | 1.1.1a-13 |
3 | Side 8 | Akkord C | 1.1.1a-14 |
4 | Side 8 | Akkord D | 1.1.1a-15 |
5 | Side 1 | Bilde av kart over landområdene til samer | 1.1.1a-3 |
6 | Side 2 | Grønn hake ikon v siden av rett utfylt bokstav | 1.1.1a-6 |
7 | Side 4 | Flagg | 1.1.1a-8 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 10 | Film om vannets kretsløp | 1.2.2a-10 |
2 | Side 10 | Film om vannets faser | 1.2.2a-11 |
3 | Side 10 | Film dyr: Fisk | 1.2.2a-13 |
4 | Side 10 | Film dyr: Livet til fisk | 1.2.2a-14 |
5 | Side 10 | Film dyr: Amfibier | 1.2.2a-15 |
6 | Side 10 | Film dyr: Krypdyr | 1.2.2a-16 |
7 | Side 10 | Film dyr: Livet til fugler | 1.2.2a-19 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får visuelt innhald presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.
- Meiningsberande bilde på nettstaden skal ha ein alternativ tekst, slik at føremålet med eller innhaldet i bildet blir presentert for blinde eller svaksynte som nytter hjelpemiddel.
- Førehandsinnspelt video med lyd skal ha alternativ i form av teksting eller tekstalternativ.
2.2 Kontrast
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Tal element med kontrastfeil |
---|---|---|
1 | Side 3 | 1 |
2 | Side 6 | 1 |
Kommentar til brot
Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Dette gjer at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.
2.3 Presentasjon
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 5 | Side i bok | 1.4.5a-1 |
Nr | Side | Element som ikkje er nøsta korrekt | Element som ikkje er avslutta korrekt | Element som har same attributt fleire gonger | Element som har IDar som ikkje er unike | Sum | Fatal error |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Side 1 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
2 | Side 10 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
3 | Side 2 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
4 | Side 3 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
5 | Side 4 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
6 | Side 5 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
7 | Side 6 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
8 | Side 7 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
9 | Side 8 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
10 | Side 9 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar med nedsett syn. Feila gjer også at nettstaden er uoversiktleg og vanskeleg for dei som brukar skjerlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragenter, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
- Bilde av tekst skal ikkje nyttast unødvendig. Feila knytt til dette er gjennomgåande i løysinga.
- Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
2.4 Skjema
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 7 | Inputfelt i tabell | 4.1.2a-10 |
2 | Side 7 | Inputfelt i tabell | 4.1.2a-11 |
3 | Side 7 | Increase tall | 4.1.2a-12 |
4 | Side 7 | Decrease tall | 4.1.2a-13 |
5 | Side 7 | Inputfelt i tabell | 4.1.2a-6 |
6 | Side 7 | Inputfelt i tabell | 4.1.2a-7 |
7 | Side 7 | Inputfelt i tabell | 4.1.2a-8 |
8 | Side 7 | Inputfelt i tabell | 4.1.2a-9 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 6 | Om boken | 4.1.2b-17 |
2 | Side 6 | Brukerveiledning | 4.1.2b-18 |
3 | Side 6 | Forkortelser | 4.1.2b-19 |
4 | Side 5 | Høyre | 4.1.2b-10 |
5 | Side 5 | Venstre | 4.1.2b-11 |
6 | Side 5 | Start avspilling | 4.1.2b-12 |
7 | Side 5 | Vis sideliste | 4.1.2b-13 |
8 | Side 5 | Zoom | 4.1.2b-14 |
9 | Side 5 | Åpne i Fullskjerm | 4.1.2b-15 |
10 | Side 5 | Vis enkeltsider | 4.1.2b-9 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 4 | T.v. knapp nederst | 4.1.2b-6 |
2 | Side 4 | T.h. knapp nederst | 4.1.2b-7 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.
- Skjemaelement skal vere kopla til ein ledetekst i koden slik at hjelpemiddelteknologi presenterer riktig ledetekst, og brukaren veit kva informasjon som skal fyllast ut i feltet.
- Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden, og ledeteksten skal identifisere knappen. Ledeteksten skal vere på norsk. Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar gjer at brukaren veit kva han skal skrive inn, og kva som skjer når han trykker på knappen.
2.5 Struktur
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 8 | Vers 1 | 1.3.1a-11 |
2 | Side 8 | Vers 2 | 1.3.1a-12 |
3 | Side 8 | Vers 3 | 1.3.1a-13 |
4 | Side 8 | Vers 4 | 1.3.1a-14 |
5 | Side 8 | Vers 5 | 1.3.1a-15 |
6 | Side 8 | Vers 6 | 1.3.1a-16 |
7 | Side 9 | Du trenger | 1.3.1a-17 |
8 | Side 9 | Slik lager du | 1.3.1a-18 |
9 | Side 3 | Art | 1.3.1a-7 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 7 | Tabell budsjett | 1.3.1b-7 |
2 | Side 7 | Tabell budsjett delvis utfylt | 1.3.1b-8 |
3 | Side 7 | Tabell budsjett større | 1.3.1b-9 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 9 | Du gjør slik | 1.3.1c-10 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 9 | Du trenger | 1.3.1c-9 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.
- Visuelle overskrifter skal vere koda som overskrift.
- Tabellar skal kodast korrekt med <table>.
- Visuelle lister skal vere koda korrekt.
2.6 Tastaturbetjening
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 6 | Om ordboken | 2.1.1a-7 |
2 | Side 6 | Brukerveiledelser | 2.1.1a-8 |
3 | Side 6 | Forkortelser | 2.1.1a-9 |
4 | Side 2 | SUMOE bokstaver | 2.1.1a-3 |
5 | Side 2 | SPIDER bokstaver | 2.1.1a-4 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 10 | Default blå over øverom i norsk. Gir for dårlig markering grunnet fargebruken i bildet. | 2.4.7a-1 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personer som må, eller ønskjer å navigere med tastatur. Dette rammer særleg blinde, personer med nedsett syn, og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.
- Alt innhald og funksjonalitet som er naturleg å bruke med tastatur skal kunne nåast og betenast.
- Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.
3 Om kontrollen
3.1 Tema
Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Stavanger kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.
Tilsynet omfatta følgjande tema:
- Alternativt format
- Kontrast
- Presentasjon
- Skjema
- Struktur
- Tastaturbetjening
3.2 Krav
Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)
- 1.3.1 Informasjon og relasjoner
- 1.3.3 Sensoriske egenskaper
- 1.4.3 Kontrast (minimum)
- 1.4.4 Endring av tekststørrelse
- 1.4.5 Bilder av tekst
- 2.1.1 Tastatur
- 2.4.7 Synlig fokus
- 3.3.1 Identifikasjon av feil
- 3.3.2 Ledetekster eller instruksjoner
- 4.1.1 Parsing (oppdeling)
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
3.3 Testreglar
Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:
- 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
- 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
- 1.3.1a Overskrifter er rett koda
- 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
- 1.3.1c Lister er rett koda
- 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
- 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
- 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
- 1.4.5a Bilde av tekst er ikkje brukt unødvendig
- 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
- 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
- 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
- 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
- 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
- 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
- 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden
3.4 Testinga av nettstaden
Vi har testa 13 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 16 testreglar.
Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 2.3.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Google Chrome, versjon 111.0.5563.65
- Kodevalidatoren til W3C
- Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.
3.5 Enkeltsider som vart testa
Vi har testa følgjande enkeltsider:
- Side 1: Samfunnsfag, samene og minoritetene
- Side 2: Øverom engelsk, what are nouns
- Side 3: Oppgaver fra lærer med meny
- Side 4: Vilkårlig nyhet, kvenfolkets dag
- Side 5: Bibliotek Pelle og proffen på Oslo S
- Side 6: Ordbok Engelsk
- Side 7: Matematikk, Økonomi, regneark og Test deg selv Budsjett
- Side 8: Musikk, Hound Dog
- Side 9: Oppskrifter, vilkårlig oppskrift
- Side 10: Norsk, deg selv på nett
3.6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Stavanger kommune omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 06.03.2023.
- Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 17.03.2023.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 15.
- Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 21.04.2023.
- Det vart gjennomført møte med Stavanger kommune 02.05.2023.
- Vi mottok kommentarar til førebelse rapporter 08.05.2023.
4 Regelverk
- Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger
- Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.1
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
5 Standarden for nettløysingar
Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA, med tre unntak.
47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.