Hopp til hovudinnhald
27. februar 2025

For dei fleste er det meir enn nok å halde seg oppdatert på regelverk og tekniske krav som allereie er sett i kraft. Men fleire krav er i kjømda og det skriv eg om i denne bloggen.

Når du skal lese deg opp på kva regelverk du må følge, har du nok lese mest om EUs webdirektiv (WAD), som er det regelverket som har fått mest merksemd dei seinare åra. I skuggen av WAD har det likevel skjedd ein regelverksprosess knytt til ei anna rettsakt frå EU, nemleg EUs tilgjengelegheitsdirektiv (EAA). Der WAD regulerer appar, nettstadar, intranett og ekstranett i offentlege verksemder, regulerer EAA ei rekkje produkt og tenester i hovudsakleg privat, men også offentleg verksemd.

Verkeområde

Produkt

  • Maskinvare- og operativsystem for datamaskiner for forbrukarar
  • Utvalde sjølvbeteningsterminalar:
    • Betalingsterminalar
    • Minibankar
    • Billettmaskiner
    • Innsjekkmaskiner
    • Interaktive informasjonskioskar
  • Smarttelefonar ++ for forbrukarar
  • Smartskjermar, dekodarar ++ for forbrukarar
  • Lesebrett

Tenester

  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Audiovisuelle medietenester
  • Visse tenester for transport i luft, skinner, buss og vatn:
    • Nettstadar
    • Appar
    • Elektroniske billettar
    • Levering av transportinformasjon
    • Interaktive sjølvbeteningsløysingar
  • Banktenester for forbrukarar
  • E-bøker og tilhøyrande programvare
  • E-handel
  • Felles-europeisk naudnummer 112

Sjølv om EAA kanskje har gått under radaren for ein del, så er ikkje dette noko nytt direktiv. Det kom faktisk allereie i 2019, og Kultur- og likestillingsdepartementet sende regelverket ut på høyring i 2021. Målet var då å rekke tidsfristen for gjennomføring i nasjonal rett, som var 28. juni 2022. Vidare legg direktivet opp til at regelverket skal tre i kraft 28. juni 2025.

For å oppsummere det heile: EAA er ikkje gjennomført i norsk rett og det kjem ikkje til å tre i kraft 28. juni 2025.

Kvifor stoppa prosessen opp?

Det er Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) som er ansvarleg departement for denne rettsakta. Dette skjer likevel i tett samarbeid med Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) og Uu-tilsynet sidan direktivet regulerer digitale flater.

Då høyringa vart gjennomført i 2021 var tanken at KUD skulle rekke fristen for gjennomføring, som var juni 2022. Etter høyringa var gjennomført stoppa likevel prosessen heilt opp. Det er fleire grunnar til dette. I første omgang skjedde det som følgje av usikkerheit rundt om EAA er eit totalharmoniseringsdirektiv eller eit minimumsdirektiv. Dette er ikkje spesifisert i direktivet og Europakommisjonen har vore tilbakehaldne med å tolke direktivet når vi har vore i kontakt med dei om harmoniseringsgrad.

Harmoniseringsgrad

  • Minimumsdirektiv: Direktivet stiller opp minstekrav til nasjonal regulering, men det er opning for at ein nasjonalt stiller strengare krav.
    • Døme: I gjennomføringa av WAD i norsk rett er Uu-tilsynet gitt heimel til å gje pålegg og dagbøter ved brot på regelverket sjølv om WAD ikkje legg opp til denne typen sanksjonering.
  • Totalharmoniseringsdirektiv: Direktivet skal bidra til lik regulering i EU/EØS, noko som gjer at landa berre kan stille dei krava som kjem av direktivet – korkje strengare eller mildare. Strengare krav vil vere eit brot.

Det som gjer dette spørsmålet særleg viktig for den norske gjennomføringa er kva følgjer harmoniseringsgrada vil få der dagens regelverk går lengre enn EAA. Dette er særleg aktuelt for dagens automatregelverk, der forskrift om universell utforming av ikt-løsninger (ikt-forskriften) i utgangspunktet gjeld alle automatar, jf. § 2 andre ledd, medan EAA berre regulerer visse typar automatar. Ved ei streng tolking av EAA som totalharmoniserande vil ei gjennomføring av direktivet innebere ei innsnevring av verkeområdet for krav til universell utforming av automatar samanlikna med dagens regelverk.

Ei slik innsnevring er i seg sjølv problematisk, då det vil gje færre, og ikkje fleire, tilgang til digitale produkt og tenester. Vidare kan ei slik forståing føre til ein folkerettsleg motstrid sidan FNs konvensjon om rettar til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) set skrankar for å svekke rettane til personar med funksjonsnedsetjingar. På den måten kan Noreg kome i ein situasjon der ein må ta stilling til om ein skal vere i samsvar med folkerettslege plikter i EØS-avtalen eller i CRPD.

Som ein følgje av dette var det ei rekkje høyringsinstansar som var kritiske til at prosessen skulle gå vidare når den juridiske utgreiinga frå Kluge la til grunn at det var eit totalharmoniseringsdirektiv. Dette gjorde at arbeidet stoppa opp.

Vidare har EFTA-prosessen med å ta EAA inn i EØS-avtalen teke tid, noko som også har stått, og framleis står, i vegen for gjennomføring i norsk rett.

Kva skjer vidare med EAA?

Det er med andre ord mykje usikkerheit rundt når EAA kjem inn i norsk regelverk og når det trer i kraft. Vidare er det også for oss uklart når arbeidet med gjennomføringa av EAA tek til igjen og når det blir fullført. Det som derimot er sikkert er at EAA ikkje trer i kraft i norsk rett 28. juni 2025, slik som i EU.

Det betyr likevel ikkje at det ikkje skjer noko i Noreg. KUD held i prosessen på departementsnivå, og i Uu-tilsynet held vi kontakt med kollegaar i Europa. Gjennom møte med Europakommisjonen, internasjonale nettverk og dialog med naboland ser vi i fellesskap på korleis krav skal tolkast og operasjonaliserast. Vidare speler vi inn behov for klargjeringar og drøfter korleis myndigheitsoppgåva kan løysast på ein mest mogleg effektiv og saumlaus måte.

Kva skal verksemder gjere i mellomtida?

Verksemder som berre opererer på den norske marknaden treng i utgangspunktet ikkje å gjere noko i påvente av at EAA blir gjennomført og sett i kraft. Desse aktørane må sørge for at løysingane dei tilbyr er i samsvar med gjeldande regelverk om universell utforming av ikt, som i all hovudsak er regulert i ikt-forskrifta. I den grad det er aktuelt å gjere større endringar i den tekniske løysinga kan det sjølvsagt likevel vere lurt å sjå til krava i EAA og relevante standardar for å sikre at ein er klar for det som kjem.

Verksemder som ønskjer å tilby sine produkt og tenester til marknaden i EU frå og med 28. juni 2025 bør derimot allereie no tilpasse seg krava. Dette fordi prosessen i EU, ulikt i Noreg, ikkje er forseinka og regelverket slik, med nokre unntak, trer i kraft frå dette tidspunktet. Dette inneberer i korte trekk krav til dokumentasjon og samsvar med tekniske krav. Viss ein ikkje møter desse krava kan ein få både sanksjonar og marknadsnekt.

Det å tilpasse seg dei tekniske krava for å vere i samsvar med EAA er likevel lettare sagt enn gjort. Dei tekniske krava som kjem direkte av EAA er overordna, og i lita grad eigna for operasjonalisering. Dette må sjåast i samanheng med at EAA byggjer på det ein gjerne refererer til som «ny metode», som i korte trekk går ut på at rettsakta stiller overordna krav, for så at ein med gjennomføringsrettsakter harmoniserer europeiske standardar som dannar ein presumsjon om samsvar. Det vil seie at viss ein er i samsvar med krava i standarden/standardane, så legg ein også til grunn at ein oppfyller dei overordna krava i rettsakta.

For EAA er det i utgangspunktet tenkt å harmonisere seks standardar. Samsvar med desse skal gje grunnlag for ein presumsjon om samsvar med dei overordna krava i EAA. Etter standardiseringsmandatet M/587 skal revisjonen av dei tre eksisterande standardane EN 301 549, EN 17161 og EN 17210 vere ferdige frå dei europeiske standardiseringsorganisasjonane 15. september 2025, medan dei tre nye skulle vere klare 15. mars 2026 (to) og 15. januar 2027 (éin). Frå dialogen vår med Europakommisjonen og andre aktørar i EU veit vi at arbeidet er forseinka, men det er førebels ikkje klart når standardane skal vere klare.

Dei seks standardane

Under revisjon

  • EN 301 549 Accessibility requirements for ICT products and services
  • EN 17161:2019 Design for All
  • EN 17210 Accessibility and usability of the built environment

Nye

  • Ikkje-digital informasjon knytt til produkt
  • Hjelpetenester til produkt og tenester
  • Naudkommunikasjon

I mangel på oppdaterte og harmoniserte standardar, er det næraste vi i dag kjem å sjå til siste versjon av dei tre standardane som allereie er utvikla. Slik vi forstår det er det ikkje forventa dramatiske endringar i dei reviderte versjonane, men det er rimeleg å leggje til grunn at EN 301 549 kjem til å gå frå å referere til AA-krav i WCAG 2.1 til AA-krav i WCAG 2.2. 

Frå norsk side har vi i møte med Europakommisjonen adressert utfordringane bransjen møter når standardane ikkje er klare til regelverket tek til å gjelde i EU, og forstår at dette ikkje er ein ideell situasjon for norske leverandørar til marknaden i EU. Samstundes er situasjonen med at det manglar harmoniserte standardar lik for alle leverandørar i og utanfor EU, og slik sett ikkje påverka av den forseinka gjennomføringa i norsk rett.

De kjem nok til å høyre meir om EAA framover, og i Uu-tilsynet vil vi dele informasjon etter kvart som det skjer endringar.

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
15 + 5 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.