Har du ein superbra rekrutteringsvideo om kor bra akkurat din arbeidsplass er? Eller har du nettopp laga ein film med viktig informasjon om samfunnsområdet du jobbar på? Jobbar du med film og video i offentleg sektor, bør du vite kva synstolking er.
I dag er det 1. februar 2024 og startskot for at alle nye videoar skal ha synstolking. Ein video som er publisert etter denne datoen skal følge kravet om synstolking og det vil eg seie litt om i denne bloggen.
Synstolking skal gjere det enklare for ein med nedsett syn å følge med på ein video eller film, og du vil nå fleire med bodskapen din. Ein video er visuell og kan ha ein informativ plakat som ein person som er svaksynt eller blind ikkje får med seg. Kor mykje synstolking som er nødvendig, kjem an på videoen. Det er ikkje nødvendig med synstolking på eit videoopptak av eit kommunestyremøte der ordstyrar er flink til å introdusere neste talar med namn og parti. Då er synstolkinga integrert i møteleiinga. Det er viktig at du som lagar ein video, tenker gjennom om du når alle. Full gjennomgang av korleis dette med synstolking kan løysast, kan du lese om i rettleiinga, der vi har lagt ut løysingsforslag for kvart krav i forskrifta.
Det var eit viktig val av Norge i 2013 å bestemme seg for at universell utforming i form av WCAG-krav skulle vere lovpålagt. Det var eit strategisk val for eit samfunn utan digitale barrierar der alle innbyggarane kan delta på like vilkår. Krava gjeld både offentlege og private verksemder, men synstolking gjeld berre dei offentlege. Frå i fjor vart krava skjerpa for offentleg sektor med webdirektivet, og med det fekk vi også kravet om synstolking. Grunnskule og vidaregåande skular er unntatt, med mindre det er videoopptak knytt til viktige nettbaserte administrative funksjonar. Det vil i all hovudsak seie ikkje-pedagogisk innhald.
Lagar du digitalt innhald, kan du finne nyttig hjelp på tilsynets sider om synstolking og video:
- Les om og lytt til podkasten frå august 2023 om kva synstolking er.
- Les vår rettleiing om korleis følge kravet om synstolking.
- Les tilsynets tolking av lovkravet om synstolking.
Ta gjerne kontakt med Uu-tilsynet dersom du har spørsmål, e-post post@uutilsynet.no.
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.
Karina
Hei
Jeg savner konkrete eksempler på hvordan dette kan løses, utenom skriftlige løsningsforslag. Det enkleste for både redaktører, innholdsprodusenter og sluttbruker vi være om lydspor med synstolkning kan skrus på/av direkte i videoavspilleren.
Kan du legge ved et ekstra lydspor i for eksempel i YouTube?
Er det andre verktøy for hosting av video som er gode på dette?
Hilsen Karina
Som svar på Hei Jeg savner konkrete… av Karina (ikke bekreftet)
Malin Øvrebø
Hei, Karina
Takk for gode innspill. Vi holder på å planlegge webinar om synstolking, og tar med oss spørsmålene dine inn i dette arbeidet.
Hilsen Malin, nettredaktør
Dag
Hei, det er spennende med synstolkning. Jeg håper bare at det ikke fører til færre videoer på grunn av dette.
Dette forutsetter faktisk at folk er vant til å beskrive ting mens de presenterer, ellers kan det ende opp med en stor regning i etterkant.
@Karina - Ja, YouTube har fått støtte for ekstra lydspor.
Sjekk ut flere gode tips her: https://blog.pope.tech/2023/05/30/how-to-create-audio-descriptions-for-…
Hilsen, Dag
Kåre Spanne
Hei,
Dere nevner ett kommende webinar om synstolking - er det satt noen dato for dette, Malin Øvrebø?
Hilsen Kåre
Som svar på Hei, Dere nevner ett… av Kåre Spanne (ikke bekreftet)
Malin Øvrebø
Hei, Kåre
Vi har ikke satt noen dato enda, men vi planlegger publisering av webinar i løpet av våren.
Hilsen Malin, nettredaktør
Kåre Spanne
Satt noen dato for webinaret om synstolkning?
Som svar på Satt noen dato for webinaret… av Kåre Spanne (ikke bekreftet)
Malin Øvrebø
Hei, Kåre
Nei, men webinaret vil bli løftet frem både på fremsiden av uutilsynet.no og i våre sosiale medier, så du vil få det med deg når det kommer ut.
Hilsen Malin, nettredaktør
Som svar på Satt noen dato for webinaret… av Kåre Spanne (ikke bekreftet)
Malin Øvrebø
Torsdag 13. juni kl. 09 blir det webinar om synstolking. Les mer om webinaret her: https://www.digdir.no/universell-utforming/regelverk-om-synstolking/5900
Hilsen Malin, nettredaktør
Christine Rørvik
Vi venter med spenning på dette webinaret, hadde det vært mulig å få satt det opp før sommeren?
Blant spørsmål vi lurer på er hvordan vi skal tolke regelverket knyttet til video i sosiale medier. Det vises mest til offentlige nettsted. Kan dere svare ut noe rundt dette?
Som svar på Vi venter med spenning på… av Christine Rørvik (ikke bekreftet)
Malin Øvrebø
Torsdag 13. juni kl. 09 blir det webinar om synstolking. Les mer om webinaret her: https://www.digdir.no/universell-utforming/regelverk-om-synstolking/5900
Hilsen Malin, nettredaktør