10. Slik har vi jobba med sektortilsynsrapporten
Sektortilsynsrapporten bygger på ein omfattande gjennomgang av
- politiske mål og strategiar, lover og internasjonale konvensjonar, regelverk for universell utforming av ikt og prosedyrar for handheving
Vi har sett på overordna mål, rettar og krav opp mot
- data og kartleggingar av omfang og innretting av digitalisering i grunnskulen, med vekt på å belyse omfanget av bruk av digitale einingar som pc, nettbrett og liknande, og dei mest brukte digitale læremidla, læringsplattformer og samhandlingsløysingar
- data frå kartlegging av brukarerfaringar med digitale læremiddel og andre digitale løysingar for elevar med og utan funksjonsnedsetting, der føresette til barn i grunnskulen gir sine vurderingar av balansen mellom digitale og analoge læremiddel, i kva grad digitale læremiddel gir meistring og læringsutbyte, er brukarvennlege og forståelege og i kva grad undervisninga er tilpassa den enkelte eleven.
- data frå kartlegginga av brukarerfaringar der det er eit særskild søkelys på bruk av digitale læremiddel og hjelpemiddel for elevar med funksjonsnedsetting, dette er også innarbeidd i forslag til tiltak
Datagrunnlaget lista opp over, er sett i samanheng med ein noko meir djuptgåande analyse og vurdering av
- status for etterleving ved å aggregere data og testresultat frå tilsyna med digitale læremiddel, med oversikt over kva krav i regelverket for universell utforming av ikt som det er avdekka flest brot med i dei digitale læremidla
- konsekvensar av regelverksbrot for elevar med ulike funksjonsnedsettingar. Grunnlaget for å mappe regelverksbrot mot ulike typar funksjonsnedsetting er henta frå standarden regelverket bygger på
- Uu-tilsynet sine erfaringar med handheving av regelverket og informasjon innsamla gjennom dialog med myndigheitsorgan, verksemdene det er ført tilsyn med, leverandørar og brukar- og bransjeorganisasjonar, som grunnlag for tilrådingar om omfang og innretting av myndigheitsfunksjonane på området universell utforming av ikt
For å sikre ei kunnskapsbasert tilnærming utover Uu-tilsynet sitt primærområde, har vi også gjennomgått informasjon frå offentlege utval og forskingsartiklar som peikar på
- fordeler og ulemper med teknologi og digitale løysingar i skulen og kunnskapsbaserte tilrådingar
- behovet for meir forskingsbasert kunnskap for å realisere potensialet i ein digitalisert skule
Formålet med innrettinga har vore å sette saman eit breitt kunnskapsgrunnlag om digitalisering i skulen, identifisere viktige tiltak for å sikre likeverdig opplæring og bidra til ein nyansert og mest mogleg kunnskapsbasert debatt.