6. Marknaden for digitale læremiddel
Statistikk frå Den norske forleggerforening viser kraftig vekst i omsetnad av digitale læremiddel i grunnskulen.
Diagrammet viser omsetnadstal (i 1000 kr) for læremiddel i grunnskulen for perioden 2017–2021.
Figur 14: Omsetnad av læremiddel, trykte og digitale i perioden 2017–2021, målt i 1000-kroner
I 2021 utgjorde omsetnaden av digitale læremiddel 41 prosent av den totale omsetnaden av læremiddel. Tilsvarande tal i 2017 var tolv prosent.
Oslo Economics har utarbeidd ein analyse av Markedet for digitale læremidler og læringsressursar i grunnskolen og videregående opplæring på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Det går fram av marknadsanalysen at dei store forlaga har ein sterk posisjon i marknaden for digitale læremiddel. Høge etableringsbarrierar reduserer trugsmål frå potensielle nye konkurrentar, noko som svekker insentiva dei etablerte aktørane har til å investere i innovasjon og utvikling.
Oslo Economics held fram at i motsetning til trykte bøker som har stykkpris, er mange digitale læremiddel lisensierte med krav til årleg fornying. Prisingsmodellen til digitale læremiddel gir meir seljarmakt enn prisingsmodellen til trykte bøker.
Rapporten viser at både tilbod og etterspurnad spelar ei viktig rolle i dagens marknad. Tidlegare var marknaden for digitale læremiddel i hovudsak tilbodsdriven, dominert av leverandørsida. Etter kvart som lærarar, elevar og andre er meir kjende med digitale læremiddel, moglegheiter og utfordringar, er marknaden meir driven av etterspurnaden.
Oslo Economics peikar likevel på at dei store forlaga har merkevarer som er kjende for skulesektoren. Dei har ein etablert infrastruktur og midlar til å investere. Forlaga kan derfor opplevast som eit trygt val. For dei mindre leverandørane viser intervjua at tilskot frå Utdanningsdirektoratet kan ha stor betydning.
Det vert elles halde fram at digitalisering driv innkjøp i retning av sentralisering. Dette heng saman med krav til personvern og IT-sikkerheit. Sentralisering av innkjøp gir også meir forhandlingsmakt fordi det vert kjøpt inn større kvantum. Eit anna moment er at skulesektoren har andre rammevilkår enn andre sektorar når det gjeld effektivisering. For finansnæringa har digitalisering ført til automatisering av arbeidsoppgåver, medan digitalisering i skulen er meir knytt til effektivisering og endringar i arbeidsform.
Rapporten Bruk av digitale løsninger i grunnskolen og universell utforming av IKT inneheld også informasjon frå leverandørar av digitale læremiddel, med særleg vekt på universell utforming.
Leverandørane som er intervjua i kartlegginga, verkar å vere godt kjende med krava til universell utforming av ikt. Dei erfarer at det vert stilt krav til universell utforming i samband med innkjøp og at skuleeigarane og kommunane er opptekne av temaet.
Alle leverandørane formidlar at universell utforming er ein viktig del av produktutviklinga. Nokre sikrar universell utforming internt, medan andre leiger inn ekstern kompetanse. Dei nyttar både tekniske verktøy og manuelle testar for å sjekke om læremidla er universelt utforma.
Leverandørane opplever det som utfordrande å oppfylle krava til universell utforming, særleg i realfaga. Mange informantar trekker fram Standard Norge sin komité for universell utforming av digitale læremiddel, SN/K 607, som eit nyttig forum for å heve kompetansen på universell utforming i bransjen. Fleire av leverandørane ønskjer også dialog med Uu-tilsynet.
«Blinde og sterkt svaksynte barn har havnet i et digitalt utenforskap. Dette skyldes at digitale læremidler ikke er universelt utformet og dermed ikke tilgjengelig med blindetekniske hjelpemidler. Med digitaliseringen av skolen har de blinde og sterkt svaksynte barna blitt redusert til en uforholdsmessig byrde, og en elevgruppe det er akseptert å ekskludere fra undervisningsfellesskapet. En hel generasjon blinde og sterkt svaksynte elever fratas retten til utdanning og muligheten til å delta i arbeidslivet.
Det er fortvilende å være vitne til denne totale systemsvikten, de dramatiske konsekvensene dette har for våre barn, og de ansvarlige myndigheters manglende vilje til å iverksette nødvendige tiltak.»
«Likeverdig tilgang til digitale læringsressurser og verktøy er avgjørende for den norske fellesskolen. Et universelt utformet digitalt læringsmiljø er for mange elever helt avgjørende for å tilegne seg kunnskap og utvikle ferdigheter. Aktørene i læremiddelbransjen må samarbeide om bestepraksiser for å sikre et universelt utformet brukervennlig læringsmiljø.»