7. Regelverket skal sikre lik rett til utdanning
Alle har rett til skulegang og utdanning. I dette kapittelet viser vi relevant regelverk som skal sikre elevane sine rettar og regelverket for universell utforming av digitale løysingar og læremiddel.
7.1 Skule og utdanning er ein menneskerett
Barn og unge sin rett til utdanning er forankra i internasjonale konvensjonar og gjennom Grunnlova. Retten til utdanning vart teken inn i Grunnlova ved grunnlovsrevisjonen i 2014:
§ 109: Alle har rett til utdanning. Born har rett til å ta imot grunnleggjande opplæring. Opplæringa skal utvikle evnene til kvart barn og ta omsyn til dei behova det har, og fremje respekt for demokratiet, rettsstaten og menneskerettane. Dei statlege styresmaktene skal sikre tilgjenge til vidaregåande opplæring og likt høve til høgare utdanning på grunnlag av kvalifikasjonar.
Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og retten til utdanning, er to separate, men likevel samanhengande tema. Retten til utdanning er ein rett i seg sjølv, men også ein føresetnad for å kunne realisere andre menneskerettar.
Grunnlova slår også fast at alle skal ha tilgang til vidaregåande opplæring, og at retten gjeld uavhengig av kvalifikasjonar. I tillegg har vi i Noreg fleire lover og forskrifter som sikrar retten til utdanning, inkludert opplæringslova og barnehagelova.
Menneskerettskonvensjonen fastset grunnleggande rettar og fridomar for enkeltpersonar. Sjølv om konvensjonen ikkje inneheld éin spesifikk artikkel som uttrykkeleg nemner retten til utdanning, er det fleire føresegner som kan relaterast til utdanning:
- Retten til respekt for privatliv og familieliv (Artikkel 8)
- Retten til utdanning utan diskriminering (Protokoll 1, Artikkel 2)
7.2 Regelverk for universell utforming av ikt
Den europeiske menneskerettsdomstolen har slått fast at retten til privatliv famnar vidt.
FN-konvensjonen om barn sine rettar (Barnekonvensjonen) er ein internasjonal avtale som vart vedteken av FNs generalforsamling i 1989. Noreg ratifiserte Barnekonvensjonen i 1991. Konvensjonen fastset ei rekke grunnleggande rettar for barn, inkludert retten til utdanning.
Retten til utdanning er også anerkjent i FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK-konvensjonen).
Samla støttar Menneskerettskonvensjonen, saman med andre internasjonale konvensjonar, prinsippet om retten til utdanning som ein viktig del av individet sine rettar.
Regelverket for universell utforming av ikt går fram av lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova) og forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
7.2.1 Forskrift om universell utforming av ikt-løysingar
Forskrift om universell utforming av ikt-løysingar har som formål å sikre universell utforming av digitale løysingar for å fremme likeverdig samfunnsdeltaking, bygge ned og hindre nye digitale barrierar og hindre diskriminering.
Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova § 18 og forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 2 at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar skal følgje regelverket for universell utforming av ikt dersom dei stiller til råde nettstader, appar eller sjølvbeteningsautomatar som er omfatta. Det er såleis verksemda som stiller ikt-løysinga til rådigheit for brukaren, som har ansvaret for at krava til universell utforming vert etterlevde.
Frå 2018 vart regelverket utvida til å også gjelde digitale læremiddel og andre digitale løysingar som er i bruk i opplærings- og utdanningssektoren. Dette inneber at skuleeigarane har ansvar for at digitale løysingar som er i bruk i skulen er universelt utforma slik det går fram av regelverket.
I 2021 vedtok Stortinget nye krav til universell utforming av nettstader og appar ved at EU-direktivet om tilgjengelege nettløysingar vart innlemma i norsk rett. Dei nye krava som har verka frå 1. februar 2023, gjeld for verksemder i offentleg sektor.
7.2.2 Standardar for universell utforming av ikt
Regelverket for universell utforming av ikt er operasjonalisert gjennom standardar og tekniske krav.
Private verksemder er pliktig til å sikre at nettstader og appar dei brukar i kontakt med allmenta er utforma i samsvar med standarden Web Content Accessibility Guidelines (WCAG) 2.0, med ein del
unntak. Offentlege verksemder skal sikre at nettstader og appar er i samsvar med krava i standarden EN 301 549 v. 3.2.1. I praksis betyr det å etterleve minstekrava i WCAG 2.1.
Det er også oppretta ein standardiseringskomité (SN/K 607 (standard.no)) med mandat å bidra til å lage norske standardar for universell utforming av digitale læremiddel. Komiteen skal også bidra til at norsk kompetanse og norske interesser blir fremma i utviklinga av nye internasjonale standardar. Siktemålet er å samanfatte beste praksis, gi rettleiing og bidra til innovativ utvikling for inkluderande digital læring. Målet er å sikre likeverdig deltaking for alle i skule, utdanning, og livslang læring. Standardane blir til i samarbeid mellom aktørar i norsk læringsteknologi, forlagsbransjen og innan spesialpedagogikk. Uu-tilsynet deltek i dette arbeidet.
7.2.3 Tilgjengelegheitserklæring
Frå 2023 har offentlege verksemder plikt til å utarbeide tilgjengelegheitserklæringar for nettstader og appar dei brukar i kontakt med publikum, elevar, studentar og andre brukarar.
Ei tilgjengelegheitserklæring skal vise i kva grad digitale løysingar er utforma i samsvar med regelverket for universell utforming av ikt. Formålet er at brukaren får informasjon om brot på krava, kva utfordringar det fører til og forklaring på kvifor verksemda ikkje følgjer regelverket.
Tilgjengelegheitserklæringa vil i tillegg sørge for at verksemda set seg inn i krava og har eit bevisst forhold til regelverket. Oversikt over status for universell utforming av ikt i eigne løysingar, vil hjelpe verksemda å prioritere universell utforming. Der ei offentleg verksemd har ein nettstad, innhald eller ein app levert av ein tredjepartsleverandør, vil oversikt over status bidra til systematisk dialog med leverandøren. Tilgjengelegheitserklæringane har ein tilbakemeldingsfunksjon der verksemda kan få direkte tilbakemeldingar frå reelle brukarar om kva problem og utfordringar dei møter. Om verksemda ikkje rettar eller svarar brukaren, kan brukar klage til Diskrimineringsnemnda.
7.2.4 Framtidig regelverk
EUs tilgjengelegheitsdirektiv (EAA) har som mål å harmonisere krava til universell utforming og gi personar med funksjonsnedsetting lik tilgang til produkt og tenester i EU. Gjennom EØS-avtalen skal regelverket takast inn i norsk rett. Direktivet skal etter planen tre i kraft i juni 2025 og har både eit marknadsperspektiv og eit menneskerettsperspektiv.
Omsynet til den indre marknaden er framheva i fortalen til direktivet. Direktivet skal gi betre rammevilkår for næringslivet, som i dag står overfor ulike og til dels motstridande krav om tilgjengelegheit til produkt og tenester. Eit meir harmonisert og einskapleg regelverk skal bidra til å fjerne hindringar for ein fri marknad.
Direktivet set krav til produsentar, importørar, distributørar og tenestetilbydarar. Produsentar skal mellom anna utarbeide ei samsvarserklæring som viser at produktet følgjer tilgjengelegheitskrava i direktivet. Direktivet famnar mellom anna om datamaskinvare og operativsystem (for eksempel pc-ar, nettbrett, Windows, iOS), nettstader, appar, lesebrett og e-bøker.
Det er ikkje avklara om digitale læremiddel og andre digitale løysingar som blir brukte i opplærings- og utdanningssektoren vil falle inn under direktivets verkeområde. Dersom maskinvare og digitale løysingar i opplærings- og utdanningssektoren får krav i samband med innføringa av EAA, vil det kunne innebere at også produsentar/leverandørar, og ikkje berre tenestetilbydarar/skuleeigarar, vert tillagt ansvar for universell utforming.
7.3 Handheving av regelverket for universell utforming av ikt
Tilsynet for universell utforming av ikt (Uu-tilsynet) i Digitaliseringsdirektoratet handhevar regelverket for universell utforming av ikt i privat og offentleg sektor.
7.3.1 Tilsyn, kontroll av etterleving
Tilsyn med at verksemder i privat og offentleg sektor etterlever regleverket og sikrar at ikt-løysingar er universelt utforma, er heimla i likestillings- og diskrimineringslova § 36, jf. § 18 og forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Tilsynsoppgåva i utvida forstand, famnar om kontroll av etterleving, rettleiing til dei som skal etterleve regelverket og systematisering av relevant informasjon om regelverksområdet i form av områdeovervaking. Det er kontroll av etterleving som er kjernen i tilsynsoppgåva.
Som myndigheitsorgan tolkar Uu-tilsynet regelverkskrav med tilhøyrande standardar og har utvikla transparente testmetodar for kontroll av ikt-løysingar opp mot regelverket. Testresultat for nettstader og appar som inngår i ein kontroll, gir eit oversiktsbilde av i kva grad nettløysinga er universelt utforma på testtidspunktet.
Førebelse testresultat vert lagt fram for verksemda det vert ført tilsyn med, slik at dei får høve til å kommentere. Deretter vert endeleg tilsynsrapport utarbeidd, sendt til verksemda og publisert på Uu-tilsynet sine nettsider. Uu-tilsynet har myndigheit til å gi reaksjonar ved regelverksbrot gjennom pålegg om retting og eventuelt tvangsmulkt, dersom verksemdene ikkje rettar seg etter vedtak.
7.3.2 Diskriminering på ikt-området
Enkeltindivid kan etter likestillings- og diskrimineringslova § 17, jf. diskrimineringsombodslova § 8 sette fram klager om diskriminering. Diskrimineringsnemnda har vedtaksmyndigheit i slike saker, også på ikt-området. Personar som meiner seg diskriminert på grunn av manglande universell utforming av digitale løysingar som er i bruk i opplæring og utdanning, kan såleis fremje klage til Diskrimineringsnemnda.
I klager som gjeld diskriminering på ikt-området, gir Uu-tilsynet på førespurnad frå Diskrimineringsnemnda, ikt-faglege uttalar etter å ha testa dei innklaga ikt-løysingane opp mot relevante krav til universell utforming av ikt. Det er tema for klagen som ligg til grunn for kva krav i regelverket som løysinga vert testa mot.
Klagen kan gjelde ei eller fleire ikt-løysingar. Diskrimineringsnemnda har høve til å krevje retting dersom det vert avdekka brot på regelverket som har ført til diskriminering. Dei har også høve til å treffe avgjerd om tvangsmulkt etter diskrimineringsombodslova § 13, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 35.