Innleiing
Skjerm i skulen, digitale læremiddel og digitale løysingar for elevar engasjerer mange.
Utdanning er eit nøkkelgode. Alle barn i Noreg skal ha dei same moglegheitene til å utvikle sine ferdigheiter og gjere seg nytte av den opplæringa som vert gitt i skulen. Retten til utdanning er ikkje berre ein rett i seg sjølv, men det er ein føresetnad for å kunne delta i samfunnet og oppnå sine rettar på andre område som til dømes retten til arbeid, ytringsfridom og inkludering og deltaking i samfunnet elles. Skulen er derfor ein arena der det er ekstra viktig med høg grad av inkludering.
Pandemi og heimeskule sette fart på digitaliseringa av skulen med digital undervisning, digital samhandling og digitale tilbakemeldingar på skulearbeid som er utført ved hjelp av teknologi. Dette set store krav til elevar, føresette og skule. Det aktualiserte behovet for inkluderande teknologi og inkluderande undervisningspraksis.
Brukarorganisasjonar meldte tidleg at digitale læremiddel var ei hindring for likeverdig deltaking i skulen. Media hadde fleire saker om enkeltelevar som vart utestengde. Samstundes kom studiar som viste at mange digitale læremiddel ikkje var tilgjengelege. Talet på klagesaker om diskriminering på ikt-området auka kraftig. Derfor sette vi av 2023 til å sjå nærare på i kva grad alle barn og elevar har likeverdig moglegheit til å delta i den digitale skulen. Dette gjorde vi i form av eit sektortilsyn.
Eit sektortilsyn består av kontroll av etterleving av regelverket, rettleiing, dialog med brukarorganisasjonar og leverandørar, kommunar og andre myndigheitsorgan. Vi har systematisert innspel, gjort kartleggingar, analysert data frå tilsyna og gjennomgått forsking. Samla har dette gitt oss god oversikt over kva som er utfordringane i sektoren.
Formålet er å bidra til at digitaliseringa av skulen kjem alle elevar til gode.
Innleiingsvis summerer vi opp det samla kunnskapsgrunnlaget vi har etablert gjennom sektortilsynet med dei viktigaste konklusjonane og råd til departement og andre utdanningsmyndigheiter, til leverandørbransjen og skulen. Vi peikar på behov for å støtte skulane og lærarane sitt arbeid med å realisere potensialet i bruk av teknologi og inkludere alle elevar i skulen, særleg dei mest utsette.
Til grunn ligg politiske mål og føringar gjennom strategiar og handlingsplanar. Deretter ser vi på omfanget av bruk av digitale læremiddel og andre digitale løysingar i grunnskulen. Vi viser resultatet frå ei kartlegging av foreldre sine vurderingar og erfaringar med barna og skulen sin bruk av teknologi, og vi har sett særleg søkelys på barn med lærevanskar eller funksjonsnedsetting.
Kunnskap om kva skulane legg vekt på ved innkjøp av digitale læremiddel og marknaden for omsetnad av digitale læremiddel er gjennomgått.
Vi har gjort greie for regelverket om rett til opplæring og utdanning, diskrimineringsvern og plikter kommunar og skuleeigarar har til å sikre universelt utforma digitale løysingar i skulen. Data frå kontrollane av læremiddel som inngjekk i sektortilsynet er analysert, med særleg vekt på omfang av ulike typar regelverksbrot og kva funksjonsnedsettingar krava i særleg grad skal ivareta. Handhevinga av regelverket er vurdert, og innspel frå brukarorganisasjonar, leverandørar og kommunane er systematiserte og lagt til grunn for råd om tiltak.
Avslutningsvis presenterer vi funn og vurderingar i utvalde forskingsartiklar og notat. Kunnskapsgrunnlaget peikar i ulike retningar, og det er behov for meir kunnskap om korleis ein skal sikre at digitaliseringa kjem alle elevane til gode. Slik kan vi realisere potensialet i teknologien som vert tatt i bruk i skulen.