5. Brukarerfaringar med digitale løysingar i grunnskulen
Proba samfunnsanalyse utarbeidde kartlegginga Erfaringer med digitale løsninger i skolen - Kartlegging og analyse av fordeler og ulemper med digitale løsninger, på oppdrag frå Uu-tilsynet i 2023. Rapporten bygger mellom anna på ei spørjeundersøking der 2750 føresette til barn i grunnskulen svarte, og djuptgåande intervju med spesialpedagogar som underviser i spesialklasse og føresette til barn med funksjonsnedsetting.
Dei føresette har svara på spørsmål om korleis digitale løysingar fungerer for barna. Dette famnar om læringsutbyte, meistring, forståing, brukarvennlegheit og tilrettelegging. Digitale løysingar er samanlikna med analoge/fysiske læremiddel. Det er også kartlagt korleis digitale løysingar fungerer for elevar med funksjonsnedsetting.
Resultata frå undersøkinga blant dei føresette, viser at dei har god kjennskap til barna sin bruk av digitale løysingar i ulike situasjonar med tilknyting til skulearbeid:
- 78 prosent har god/svært god kjennskap til bruk i skulearbeid heime
- 69 prosent har god/svært god kjennskap til bruk i kommunikasjon med lærar/skulen
- 65 prosent har god/svært god kjennskap til bruk i undervisningssituasjonar
- 58 prosent har god/svært god kjennskap til bruk for å få tilbakemelding frå lærar
5.1 Balansen mellom digitale og analoge/trykte læremiddel
At såpass mange rapporterer at dei har god kjennskap kan bety at utvalet er noko skeivt, altså at det er fleire med innsikt og engasjement i skulearbeidet i utvalet enn i populasjonen av føresette til barn i grunnskulen. Dette gjer også at vi må vere varsame med å generalisere resultata frå undersøkinga, men den gir likevel viktig informasjon sett frå ein brukarståstad. Mange elevar har svara på undersøkinga i lag med dei føresette.
Proba samfunnsanalyse presenterer følgjande funn når det gjeld barna/elevane sin bruk av både digitale og trykte læremiddel:
- Føresette rapporterer at bruk av analoge læremiddel er om lag på same nivå som digitale læremiddel.
- 74 prosent av elevane brukar digitale løysingar i norsk eller matematikk kvar veke eller oftare.
- 75 prosent av elevane brukar analoge læremiddel kvar veke eller oftare.
- Dei føresette meiner at barna brukar analoge læremiddel oftare (oftare dagleg) enn digitale ressursar (oftare kvar veke).
Analoge læringsressursar, som trykte lærebøker og notatbøker, vert gjerne brukte i kombinasjon med digitale læringsressursar.
Spørjeundersøkinga indikerer at elevane brukar digitale løysingar ulikt i ulike fag:
- I norsk brukar elevane digitale løysingar særleg til å svare på oppgåver, få tilgang til tekstar, produsere tekst sjølve og lage presentasjonar.
- I matematikk brukar elevane digitale løysingar primært til å finne og løyse oppgåver. Digitale mattespel er mindre vanleg dess eldre eleven er.
Omfanget av bruk av digitale læremiddel aukar med klassestega, og bruk av digitale løysingar i norsk og matematikk vert meir variert jo eldre elevane er. Barn på mellomsteget brukar digitale løysingar til fleire aktivitetar enn i småskulen. Elevar i ungdomsskulen brukar digitale verktøy i om lag same volum som elevar på mellomsteget, men med litt andre formål.
Proba samfunnsanalyse har også spurt dei føresette om haldningar til bruk av digitale løysingar i skulearbeidet.
Figur 5: Føresette sine vurderingar av om det er for lite, for mykje eller passeleg bruk av digitale læremiddel i skulen
Diagrammet viser at det er stor spreiing blant dei føresette som deltok i undersøkinga når det gjeld vurdering av om bruken av digitale læremiddel er på eit passeleg nivå.
Bortimot halvparten (47 prosent) av dei føresette meiner at det er passeleg mykje bruk av digitale læremiddel, medan 44 prosent meiner at det er for mykje. Svært få (4 prosent) meiner at det er for lite bruk av digitale læremiddel.
«Tilsynsprosessen har gitt oss enno betre innsikt i kva det vil seie å ha gode universelt utforma digitale læremiddel og andre nettressursar. Kommunen er fornøgd med at tilsynet vert avslutta, og vi vil i samarbeid med våre leverandørar halde fram med å ha merksemd om universell utforming.»
Bjørn Helge Græsli, kommunalsjef støtte, utvikling og innovasjon, i avdeling for oppvekst og utdanning, i Trondheim kommune
5.2 Korleis fungerer bruk av digitale løysingar for elevane?
Eit fleirtal av dei føresette som deltok i Proba samfunnsanalyse si undersøking blant føresette til elevar i grunnskulen, meiner at barna opplever meistring ved bruk av digitale læremiddel og at dei digitale læremidla er brukarvennlege og forståelege. Om lag halvparten meiner at elevane har godt læringsutbyte, medan noko færre er heilt eller delvis einige i at individuell tilrettelegging er godt nok ivareteke.
Det vert elles halde fram i rapporten at det er ein tydeleg samanheng mellom dei føresette sine haldningar til bruk av digitale læremiddel og kva dei rapporterer om bruken. Fleire av dei som er kritiske til digitale løysingar, rapporterer også om at digitale løysingar er meir i bruk, både i skulen og heime, samanlikna med analoge løysingar.
Basert på Proba sine resultat, er det grunn til å tru at føresette er meir kritiske enn skuleeigarar og skuleleiarar til balansen mellom analoge og digitale løysingar.
5.3 Gir bruk av digital læremiddel meistring og læringsutbyte?
Dei føresette har svara på spørsmål om i kva grad dei er einige eller ueinige i at bruk av digitale læremiddel gir meistring og læringsutbyte.
Diagrammet under viser dei føresette si vurdering av barnet si meistring.
Figur 6: Dei føresette sine vurderingar av i kva grad dei er einige eller ueinige i at barnet opplever meistring ved bruk av digitale læremiddel, prosentfordelt på kategoriar av svar
60 prosent er einige i at barna opplever meistring, medan berre ti prosent er ueinige i at barna opplever meistring ved bruk av digitale læremiddel. 21 prosent av dei føresette svarar nøytralt, verken/eller.
Ein noko lågare prosentdel, men likevel om lag halvparten (49 prosent) av dei føresette er einige i at barna har godt læringsutbyte ved bruk av digitale læremiddel. Dette er illustrert i diagrammet under.
Figur 7: Dei føresette sine vurderingar av i kva grad dei er einige eller ueinige i at barnet har godt læringsutbyte av å bruke digitale læremiddel, prosentfordelt på kategoriar av svar
Nær halvparten (49 prosent) er einige, og 18 prosent er ueinige i at barna har godt læringsutbyte av digitale læremiddel. 24 prosent svarar nøytralt, verken/eller.
5.4 Er digitale læremiddel brukarvennlege og forståelege?
Dei føresette som deltok i undersøkinga har teke stilling til i kva grad dei er einige eller ueinige i
- kor lett eller vanskeleg det er for barna å forstå korleis digitale læremiddel og løysingar skal brukast
- i kva grad dei oppfattar innhaldet i dei digitale læremidla
- om dei er enkle å finne fram i
- kor lett eller vanskeleg det er for dei føresette å hjelpe barnet
Diagrammet under viser i kva grad dei føresette er einige eller ueinige i påstandar om at digitale læremiddel er forståelege.
Figur 8: Dei føresette sine vurderingar av kor forståelege digitale læremiddel er for elevane å bruke - og - for dei føresette som skal hjelpe, prosentfordelt på kategoriar av svar
Eit klart fleirtal av dei føresette, mellom 65 og 76 prosent, vurderer digitale løysingar/læremiddel til å vere forståelege for barna. Dei er heilt eller ganske einige i at barna forstår korleis digitale læremiddel skal brukast, oppfattar informasjonen, og finn det enkelt å navigere. Men 25 prosent er ueinige i at det er lett å hjelpe barnet å bruke digitale læremiddel og løysingar.
Det er også eit klart fleirtal av dei føresette som meiner at dei digitale løysingane er brukarvennlege:
- Mellom 60 og 65 prosent er heilt/ganske ueinige i at elevane har vanskar med innlogging, treng hjelp til bruk eller opplever andre tekniske problem med digitale læremiddel.
- Mellom 12 og 17 prosent meiner det motsette, og held fram at barna har problem og treng hjelp til bruk av digitale læremiddel.
- Om lag 15 prosent har svara nøytralt, verken/eller.
5.5 Vert undervisninga tilpassa den enkelte elev?
Sjølv om eit klart fleirtal av dei føresette meiner at digitale læremiddel er brukarvennlege og forståelege, er det viktig å poengtere at mellom 12 og 17 prosent meiner at barna treng hjelp til bruk av digitale læremiddel og at 25 prosent av dei føresette er ueinige i at det er lett å hjelpe barnet med bruk av digitale læremiddel.
Dei føresette som har delteke i Proba samfunnsanalyse si undersøking, er nokså delte i oppfatninga av korleis dei vurderer individuell tilrettelegging. Dette viser svara dei har gitt på spørsmål om i kva grad dei er einige eller ueinige i at undervisninga på skulen er tilpassa barnet sine behov og føresetnader, om barnet kan lære i eige tempo, og om barnet får regelmessige tilbakemeldingar frå læraren.
Diagrammet viser dei føresette sine svar på påstandar om at undervisninga er tilpassa barna.
Figur 9: Dei føresette sine vurderingar av individuell tilrettelegging, prosenfordelt på kategoriar av svar
Vel ein tredjedel (36 prosent) er heilt eller ganske einige i påstanden om at barnet sin undervisning er tilpassa eige behov og føresetnader. Om lag tilsvarande prosentdel (34 prosent) er heilt eller delvis einige i at barnet får regelmessige tilbakememeldingar. Noko fleire (40 prosent) meiner at barnet kan lære i sitt eige tempo.
For individuell tilrettelegging er bildet med andre ord meir samansett enn dei føresette sine vurderingar av om digitale læremiddel er brukarvennlege og forståelege, gir meistring og læringsutbyte. Mellom 49 og 60 prosent er einige i at bruk av digitale læremiddel gir meistring og læringsutbyte, er brukarvennlege og forståelege, medan relativt sett færre, 34 prosent til 40 prosent meiner at undervisninga er tilpassa den enkelte eleven.
5.6 Elevar med funksjonsnedsettingar og bruk av digitale læremiddel
Datagrunnlaget for analysen til Proba samfunnsanalyse famnar mellom anna om svar frå 533 føresette til barn med funksjonsnedsetting, lærevanskar, kronisk sjukdom eller annan diagnose som kan påverke læring og skulearbeid. Dette indikerer at 19 prosent av elevane i undersøkinga har ei funksjonsnedsetting eller andre utfordringar som potensielt kan påverke læring.
I følgje Proba-rapporten er det systematiske skilnader i rapportert funksjonsnedsetting og lærevanskar for gutar enn for jenter, høvesvis 20 prosent av gutane og 16 prosent av jentene. Skilnaden er i hovudsak driven av ulik førekomst av ADHD/ADD/merksemdsvikt. Det er likevel ikkje rapportert om at fleire gutar enn jenter har utfordringar med digitale løysingar og læremiddel.
«Elever med dysleksi strever med lesing og skriving, og ikke med læring. Men læring kan bli utilgjengelig om elevene ikke får støtte i lesing og skriving.
I dag har vi kommet langt, og skolehverdagen er mer inkluderende enn den har vært før for elever med dysleksi. Men det er fortsatt ikke godt nok. Dysleksi Norge får stadig henvendelser fra elever som ikke får tilgang til fagstoffet på lyd. Enten fordi skolen ikke har valgt å kjøpe inn lydbøker, eller fordi bøkene ikke engang finnes som lydbok. Det er et strukturelt problem, som må løses.»
5.6.1 Funksjonsnedsetting og påverknad på bruk av digitale læremiddel
«Undersøkelsen viser at det ligger mange muligheter i bruk av digitale løsninger for elever med funksjonsnedsettelser, særlig for elever med dysleksi. For elever med konsentrasjonsvansker er resultatene svært delt – mange opplever store utfordringer, samtidig som forholdsvis mange foretrekker digitale løsninger fremfor analoge.»
Diagrammet viser i kva grad funksjonsnedsetting eller lærevanskar er vurdert til å påverke elevane sin bruk av digitale læremiddel.
Figur 10: Dei føresette sine vurderingar av i kva grad funksjonsnedsetting, lærevanskar eller andre utfordringar påverkar bruk av digitale læremiddel
Vel halvparten (56 prosent) av dei føresette til barn med funksjonsnedsetting, lærevanskar, lese- og skrivevanskar eller andre diagnosar, rapporterer at bruken av digitale læremiddel i liten eller ingen grad er påverka av barnet sine utfordringar. For om lag ein tredjedel (32 prosent) av elevane med funksjonsnedsetting, lærevanskar, kronisk sjukdom eller annan diagnose, vurderer føresette at det påverkar bruk av digitale læremiddel, høvesvis 13 prosent i stor grad og 19 prosent i nokon grad.
Resultata indikerer at elevar med funksjonsnedsetting brukar digitale læremiddel meir enn dei brukar fysiske, og dei brukar digitale læremiddel i større grad enn elevar utan funksjonsnedsetting. Balansen mellom analoge/fysiske og digitale læremiddel er dermed annleis for elevar med funksjonsnedsetting enn for elevar utan funksjonsnedsetting. Dette kan ha samanheng med at elevar med funksjonsnedsetting verkar å ha større nytte av digitale løysingar enn analoge/fysiske læremiddel.
5.6.2 Elevar med funksjonsnedsetting likar betre å bruke digitale løysingar enn analoge/fysiske læremiddel
Om vi samanliknar elevar med funksjonsnedsetting og elevar utan funksjonsnedsetting, indikerer resultata frå undersøkinga blant dei føresette at relativt sett fleire barn med funksjonsnedsetting likar betre å bruke digitale løysingar enn analoge/fysiske læremiddel.
Figur 11: Dei føresette sine vurderingar av om barnet likar betre å bruke digitale læremiddel enn analoge/fysiske læremiddel
56 prosent av elevane med funksjonsnedsetting likar betre å bruke digitale løysingar enn analoge/fysiske læremiddel. Tilsvarande tal for elevar utan funksjonsnedsetting er 45 prosent.
Dette viser seg også når det kjem til faktisk bruk. Føresette til elevar med funksjonsnedsetting rapporterer meir bruk av digitale løysingar i skulearbeidet enn føresette til elevar utan funksjonsnedsetting.
5.6.3 Korleis fungerer digitale løysingar for elevar med nedsett funksjonsevne?
Føresette til barn med funksjonsnedsetting vurderer også at dei digitale løysingane gir betre læringsutbyte og generelt fungerer betre, samanlikna med vurderingane til føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
På nokre område fungerer dei digitale løysingane dårlegare for elevar med funksjonsnedsetting, samanlikna med elevar utan funksjonsnedsetting. Barn med funksjonsnedsetting opplever i større grad å bli distraherte når dei brukar digitale løysingar, dei har noko større tekniske utfordringar, noko større utfordringar med forståing og større problem med å navigere.
Elevar med konsentrasjonsvanskar/merksemdsvikt og/eller lærevanskar, som utgjer dei største gruppene blant elevar med funksjonsnedsetting, opplever å bli distraherte ved bruk av digitale løysingar. For mange er løysingane uoversiktlege.
For elevar med konsentrasjonsvanskar og dysleksi ser det ut til at det er utfordringar på fleire område, både med tanke på å forstå innhaldet i digitale læremiddel og kor brukarvennlege dei er.
Dette kan indikere at dei digitale løysingane ikkje er godt nok utforma, noko som underbygger eksisterande kunnskap om digitale løysingar generelt.
For mange av elevane med funksjonsnedsetting eller lærevanskar, fungerer digitale løysingar likevel betre enn analoge/fysiske læremiddel. Dette gjeld særleg for elevar med dysleksi eller andre lese- og skrivevanskar. Data tyder også på at mange av elevane som opplever problem med digitale løysingar er avhengige av foreldra sin innsats. Proba samfunnsanalyse held fram at implikasjonen av resultata er at for dei mest sårbare elevane, som ikkje har foreldre som kan hjelpe dei, bidreg digitale løysingar til å forsterke skilnader i læringsutbyte.
«Overordnet viser undersøkelsen at digitale læremidler fungerer ganske likt for personer med og uten funksjonsnedsettelse og/eller lærevanske – det er læringsutbytte og tilrettelegging som synes å være svakest for begge. Det er likevel en systematisk flere av elevene med funksjonsnedsettelse som opplever at de digitale læremidlene ikke har god forståelighet og brukervennlighet. Elever med konsentrasjonsvansker og dysleksi skiller seg betydelig ut, og hvor utfordringene er størst.»
5.6.4 Bruk av digitale løysingar saman med hjelpemiddel
I følgje undersøkinga frå Proba samfunnsanalyse, er det vel ein tredjedel (36 prosent) av elevane med funksjonsnedsetting eller lærevanskar som brukar hjelpemiddel for å kunne bruke digitale løysingar i skulen. 64 prosent svarar at barnet deira ikkje treng hjelpemiddel.
«Vanligst er å bruke hjelpemiddel for å kunne oppfatte tekst og/eller bilde. Det varierer noe hvordan respondentene i spørreundersøkelsen opplever at hjelpemidlene fungerer for deres barn. Hjelpemidler for å kunne høre fungerer best.»
Diagrammet viser dei føresette si rapportering om førekomst av bruk av ulike typar hjelpemiddel.
Figur 12: Dei føresette sine svar på om elevane brukar hjelpemiddel i lag med digitale læremiddel og kva typar hjelpemiddel elevane brukar
Det er hjelpemiddel for å kunne oppfatte tekst og/eller bilde som er mest i bruk blant elevane. Bortimot ein av fem elevar (18 prosent) brukar denne type hjelpemiddel.
Hjelpemiddel for å skrive er i bruk blant ti prosent av elevane. Hjelpemiddel for å høyre, navigere eller for alternativ/supplerande kommunikasjon er i bruk av tre til fire prosent.
Det er ein del variasjon i korleis dei føresette til barn med funksjonsnedsetting vurderer at hjelpemidla fungerer for deira barn. Dette er vist i diagrammet under.
Figur 13: Dei føresette sine vurderingar av korleis hjelpemiddel fungerer for deira barn
Merk at det for enkelte hjelpemiddel er rapportert låg bruk, for eksempel hjelpemiddel for å høyre, navigere eller for alternativ/supplerande kommunikasjon. 87 prosent rapporterer at hjelpemiddel for å høyre fungerer svært bra/ganske bra. Tilsvarande tal for supplerande kommunikasjon er 73 prosent.
Hjelpemiddel for å oppfatte tekst/bilde og hjelpemiddel for å skrive er mest i bruk, og er samstundes dei som i minst grad vert vurderte til å fungere svært/ganske bra, høvesvis 59 prosent og 43 prosent.
Hjelpemidla som flest vurderer til å fungere svært/ganske dårleg er f.eks. leselist og tekst-til-tale-program som skal legge til rette for at elevane kan oppfatte tekst og bilde. Dette er i bruk blant 18 prosent av barna til dei føresette som deltok i Proba samfunnsanalyse si undersøking.
Det går også fram av rapporten at
«En del rapporterer at eleven i dag ikke får, men burde hatt, hjelpemiddel.»
5.7 Oppsummering av brukarerfaringar
Rapporten frå Proba samfunnsanalyse viser at dei føresette som deltok i undersøkinga, har relativt god kjennskap til barna sin bruk av ulike typar læremiddel. Det er også ein nokså jamn balanse mellom dei som tykkjer at bruk av digitale læremiddel er på eit passeleg nivå (47 prosent) og dei som meiner at det er for mykje (44 prosent).
Dei føresette i undersøkinga har ulike synspunkt på korleis digitale læremiddel fungerer samanlikna med fysiske. Det er signifikante skilnader i dei føresette sine vurderingar av meistring og motivasjon, avhengig av om barnet har vore med dei føresette når dei har svara på undersøkinga.
«Resultatet tyder altså på at elevene selv mener digitale løsninger er mer motiverende og gir mestring enn det foreldrene mener.»
Sjølv om eit fleirtal av dei føresette meiner at digitale læremiddel fungerer for barnet sitt både i norsk, matte og generelt sett, er det likevel stor variasjon i kor godt dei digitale løysingane fungerer for barna.
Dei fleste som er positive til korleis digitale løysingar fungerer, rapporterer at dei gir god eller enkel tilgang til lærestoffet og at dei er meir motiverande og effektive. Fleirtalet meiner også dei digitale løysingane er brukarvennlege og forståelege. Likevel er det overvekt av føresette som meiner at analoge/fysiske læremiddel både fungerer betre og gir betre læringsutbyte enn digitale løysingar.
Digitale løysingar byr på fleire moglegheiter som analoge/fysiske læremiddel ikkje har. Individuell tilpassing, raskare tilbakemelding, motivasjon og meistring – og ikkje minst, elevane likar det.
Det flest er kritiske til, er korleis digitale læremiddel bidreg til grunnleggande skrive-, rekne- og leseferdigheiter, at digitale løysingar bidreg til distraksjon og bruken er for omfattande samanlikna med analoge/fysiske læremiddel.
De mest sentrale utfordringene for å nyttiggjøre seg av digitale løsninger synes å være at de mest brukte verktøyene, som Microsoft-programmene, oppleves som uoversiktlige og at foreldre synes det er vanskelig å hjelpe eleven i skolearbeidet. I fritekstsvar og i intervjuer får vi inntrykk av at manglende oversikt skaper utålmodighet, frustrasjon og at mange «gir opp» skolearbeidet. Mange rapporterer om at verktøyene stiller høye krav til grunnleggende digital kompetanse.»
Tekniske utfordringar, som at elevar eller føresette har problem med å logge seg inn eller at program ikkje fungerer, ser ikkje ut til å vere eit problem med eit stort omfang. Likevel er det viktig å poengtere at om lag 10-15 prosent av dei føresette rapporterer om tekniske problem som medfører frustrasjon knytt til verknader for samarbeid mellom skule og heim og svak oppfølging og informasjon frå skulane og kommunane. Det er også utfordrande at kommunane og den enkelte skulen har avgrensa kompetanse og moglegheit til å følgje opp leverandørar av større IT-system.
Proba-rapporten viser at barn med funksjonsnedsetting likar betre å bruke digitale løysingar i skulearbeidet. Dei vurderer at løysingane gir betre læringsutbyte og generelt fungerer betre enn analoge/fysiske læremiddel. På nokre område fungerer digitale løysingar ikkje like bra for elevar med funksjonsnedsetting. Dei kan oppleve noko meir tekniske utfordringar og har noko større problem med å forstå og å navigere i digitale løysingar, samanlikna med elevar utan funksjonsnedsetting.
Resultata kan indikere at dei digitale løysingane ikkje er godt nok utforma, noko Proba samfunnsanalyse held fram at underbygger eksisterande kunnskap om digitale løysingar generelt.
Resultata kan tyde på at digitale læremiddel kan svekke dei føresette si rolle i skulearbeidet, særleg for dei mest utsette barna. Det er svært vanleg, dels på grunn av personvernreglement og dels på grunn av manglande funksjonalitet, at foreldre ikkje får innsyn i barna sitt skulearbeid. Ein fjerdedel av dei føresette som deltok i undersøkinga opplever også at dei ikkje klarar å hjelpe barnet viss det har behov for det. Svak kompetanse blant lærarar vert også rapportert som ei viktig årsak til utfordringar.
«Undersøkelsen betydelig variasjon i hvor godt digitale løsninger fungerer for elevene. Likevel viser resultatene ganske klart at en overvekt av foreldrene rapporterer om at digitale læremidler fungerer for barnet sitt på de fleste områder, både i norsk, i matte og generelt sett. Også brukervennlighet, forståelighet og tilrettelegging synes å ha en overvekt positive erfaringer.»